14. februar 2019

House of Cards, sesong 6 (2018)

Denne serien har vore litt opp og ned. Den femte sesongen var skral, og eg kunne nok gitt opp der, for denne sesongen er endå skralare. Heldigvis er han òg langt kortare, her er berre åtte episodar.

Innspelinga av sesongen vart utsett nokre månader. Kevin Spacey var ein av dei som vart avslørt i MeToo-kampanjen, og Netflix braut alt samarbeid med han. Manus vart skrive om. Det vert ofte referert til han i denne sesongen - han er død, men det kjem ikkje klart fram korleis han døydde, og kven som stod bak.

Når serien tek til, er Claire Underwood president. Ho gjer mykje rart som president, så slik sett matchar ho heile sesongen. Ting som skjer: Ho vert skulda for å vera passiv. Visepresidenten (og andre) prøver å få ho vekk, med ufine midlar. Ho svarar med å sparka alle ministerane, og erstatta dei med berre kvinner. Ho får kritikk for å ha teke abort som ung kvinne, og i neste episode er ho høggravid, ved hjelp av noko nedfrosen sæd frå ektemannen. Det er truleg mest for å hindra at Doug Stamper skal arva Frank Underwood, det står visst noko i testamentet hans at viss han ikkje har livsarvingar skal Stamper få alt. Nokre bakmenn, ein bror og ei syster, er inne i mykje av arbeidet for å få Claire vekk. Det greier dei ikkje, i staden vert sonen til ho systera bortført. Når siste episode tek til ser det ut til å verta eit endeleg oppgjer mellom Claire og Doug, men makan til antiklimaks har eg aldri sett. Den siste episoden er aldeles livlaus.

Så dette var triste greier. Marit var lur nok til å hoppa av etter fyrste episode av denne sesongen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir House of Cards på kulturguffebloggen
Sesong 1 (2013)
Sesong 2 (2014)
Sesong 3 (2015)
Sesong 4 (2016)
Sesong 5 (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar