17. februar 2019

Jacob B. Bull: Hans Nielsen Hauge (1908)

Dette var ei rar bok. Det er ein roman, der Bull fritt fortel om livet til Hauge. Hauge (1771-1824) var ein av dei viktigaste lekpredikantane i Noreg, og han brukte det meste av tida si på å reisa rundt i Sør-Noreg, der han samla truande til møte. Han vart ofte sett i fengsel for dette - som regel vart han sett fri etter nokre dagar, men frå 1804 sat han fengsla i rundt ti år.

Bull fortel altså dette på ein rar måte. Boka går i ring, det verkar som om annakvart kapittel er den same samtalen mellom Hauge og ein lensmann/fogd/fut. Lensmannen skuldar Hauge for vranglære, og for å bryta Konventikkelplakaten frå 1741; Hauge sit mild som eit lam og forklarar at han berre snakkar om det som står i Bibelen, og at han har løyve til å samla folk til møte. Det meste av boka er dialogar, og Bull prøver aldri å få fram kva Hauge stod for. Det er greitt at Bull ikkje har meint å skriva nokon biografi, men alt han får fram er at Hauge var snill og god, og at det var nokre stygge embetsfolk som ville han vondt. Og akkurat det sat vel att frå det eg lærte i skulen.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar