15. juni 2018

Voss Sparebank 175 år (Voss, 14.6.2018)

Voss Sparebank fyller 175 år, og markerer dette ved tre høve. I november vert det både festmiddag og kyrkjekonsert; i går var det bokbad og Odd Nordstoga-konsert. Med eit matøkt midt i.

Bokbadet i Gamlekinoen var svært bra. Banken har fått laga ei jubileumsbok, skriven av Jørn Lekve. Bokbadet var leia av Linda Eide, og ho samtala med Lekve og banksjef Jørund Rong. Det var ein trio som passa godt saman, det var passeleg med alvor og passeleg med humor, og dei fekk fram mange gode poeng. Dei brukte til dømes litt tid på Steffens-pengane, som vart trykt på Voss i april 1940. Dette var dei fyrste pengesetlane med nynorsk tekst, og vart trykt av di det ikkje var pengar nok i omlaup desse dagane. Noko av dette har vore kjent frå før, men Rong, som er uvanleg interessert i historie, hadde funne dokument som utfylte historia.

Etter maten var det konsert med Odd Nordstoga i Vossasalen. Eg likar eigentleg Nordstoga best når han gjer noko anna, både Nivelkinn (med Øyonn Groven Myhren) og Storegut (med Aasmund Nordstoga og ein til, ein Buen-gut, trur eg) var store opplevingar. Her var han saman med eit band, slik at eg hadde relativt låge forventingar. Og det vart relativt livlaust. Songane var like, der var ingen tekstar som greip meg, og det er veldig freistande å dra nokre dårlege vitsar med utgangspunkt i ein av dei fyrste songane hans spelte, "Kjedelig iblant". Av og til livna det til, best likte eg to songar frå Vaffelhjarte-serien, men det var ikkje nokon stor konsert, dette.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar