2. juli 2017

Carl I. Hagen: Ærlighet varer lengst (1984)

Det er god tone å opna med noko positivt: Carl I. Hagen var ein av dei viktigaste norske politikarane i andre halvdel av 1900-talet. Han var med i Anders Langes Parti i 1973, vart vara på tinget for dei, braut ut og skipa Reformpartiet, kom attende i ALP, der han vart formann og partiet fekk namnet Framstegspartiet. Det partiet vart eit stort parti, som etter kvart fekk mykje makt.

Denne boka fortel om tida fram til 1984. Då var det ikkje mykje makt dei hadde, sjølv om Hagen prøver å visa at dei var viktige, og at dei tidvis påverka dagsorden. Han skriv sjølvsagt mykje om seg sjølv, og han framstår som relativt sjølvoppteken. Han kan ta ansvar for feil som vert gjort, men det er langt vanlegare at folk rundt han, eller politiske motstandarar, ikkje gjer ein god nok jobb.

Boka er relativt keisam, Hagen skriv ikkje spesielt godt. Her er òg mykje rart. Framstegspartiet er ei form Hagen aldri ville brukt; han skriv at han fekk avsmak for sidemål på gymnaset, mellom anna av di ein klassekamerat strauk i sidemål, og dermed ikkje kom inn på ingeniørskule. Eit grunnleggjande trekk i FRP-politikken er at alle er ansvarlege for det dei gjer og vil, men det gjeld altså ikkje i sidemålsspørsmålet - her er det faget som har skulda. Lengre ute i boka skriv han om landsmøtet i 1980, der han som formann takka nei på valkomiteen sitt spørsmål om å koma med framlegg til gode kandidatar. Han meinte at han ikkje hadde noko med det, og skriv at han etter det aldri har sagt noko om kven han vil ha inn i sentrale verv. På neste side i boka har han gløymt det, og fortel om då han verva Fridtjof Frank Gundersen til å stå på liste for partiet.

Hagen er ein politikar eg har vanskeleg for å lika, også etter at han gjekk av som formann. Denne boka endrar ikkje noko på det. Det er greitt at han har jobba hardt og mykje, eller at han greidde å gjera partiet sitt så stort at det vart ein maktfaktor, men det er jo uvesentleg. Politikken hans vert ikkje betre av det.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar