20. mars 2012

The Invention of Lying (2009)

Eg er usikker, men trur dette er fyrste gong korkje Runar eller eg har hatt med oss film på tur. I mangel på noko anna lasta han ned denne.

The Office må vera den komiserien som har høgst nivå heile vegen. Dei gav seg etter berre tolv episodar. Ricky Gervais var den suverent viktigaste grunnen til at den serien var bra, han var medforfattar, og hadde òg hovudrolla. Slik er det òg her, men denne filmen er langt frå det nivået The Office heldt. Gervais er god her òg - han er ikkje den største skodespelaren verda har sett, men det er få som kan stotra og snakka usamanhengande like bra som han, og han gjer òg fantastiske rørsler med hendene når han snakkar.

Problemet med denne filmen er heller den store mangelen på interessante personar. Handlinga er lagt til ei tid der ingen lyg. Og det er ikkje berre det at alle snakkar sant; dei seier òg alt dei tenkjer. Ideen er god, og i starten er det heilt greitt: Alle seier det dei tenkjer om alle, fyrst og fremst om Mark Bellison, spelt av Gervais. Det er ikkje så mykje godt å seia om han, og det vert heller ikkje sagt så mykje godt om han.

Ein dag slumpar han til å koma på at han kan snakka usant. Det verkar bra, men ingen andre forstår kor genialt dette er, før han lyg for mor si på dødsleiet hennar. Alle sjukehustilsette som høyrde han vil vita meir, dei er ute av stand til å forstå at han berre dikta opp alt. Dagen etter har alle i byen høyrt om dette, og mange samlar seg utanfor huset hans, og krev å få vita meir om dette etterlivet han veit så mykje om. Han gjev etter for presset, skriv ned ti viktige punkt, openberrer seg for dei, og fortel dei mellom anna at det er ein mann i himmelen som styrer alt som skjer.

Og så tek det heile av, med samfunnskritikk og religionskritikk og kritikk av dyrkinga av det visuelt attraktive. Eller - det er vel nett det det ikkje gjer. Filmen tek slettes ikkje av. At alle snakkar sant er ikkje nok, filmen treng litt meir. Det kjem ikkje, og etter kvart sit me berre att med ei historie der det er tydeleg at Gervais likevel kjem til å få drøymedama, som gjennom heile filmen har avvist han fordi ho ikkje vil ha ungar som er skapte i hans bilete.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar