8. mars 2012

Philippe Petit: Man On Wire (2008)

Ein dag tidleg i 1970-åra gjekk franske Philippe Petit til tannlegen. På venterommet las han ein artikkel om korleis to høge skyskraparar vart bygd i New York. Petit var linedansar, og vart med ein gong besett av tanken på å gå på line mellom dei to tårna. I denne boka fortel han om planlegginga, om gjennomføringa, og om korleis dei 45 minutta han gjekk att og fram mellom dei to tårna gjorde han til ein kjendis.

Den fyrste halvdelen av boka er seig. Det kjem dels av at det vert litt for mange detaljar, dels av at språket er dårleg, og dels av di Petit ikkje verkar altfor sympatisk. For han er det berre ein ting som gjeld - og han bruker berre tid på det eller dei som han fører han nærare draumen hans.

Det tek seg stort opp etter at han kjem til New York. Han er der fleire gonger, han tek seg inn i tårna for å finna løysingar på ulike problem, og han teiknar og planlegg. På minst eit tidspunkt gjev dei opp heile greia, men får likevel gjennomført det. Både tekst og bilete frå gjennomføringa av vandringa er glimrande.

Det er sjølvsagt uråd å lesa denne boka utan å tenkja på flya i 2001. Petit vart ein kjendis i New York, og fekk mellom anna frikort til utsiktsplattformene på dei to tårna. Han vart beden om å signera ein benk på toppen av eitt av dei, og skriv at han brukte "idelible ink, so that the inscription may remain indefinitely". Hm. I eit lite etterord skriv han om korleis han i 2001 opplevde at tårna hans vart tårna våre.

Eg såg den filmen for nokre år sidan; den er endå litt betre.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen:
Man on Wire (film, 2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar