15. mars 2012

Pete Frame: Even More Rock Trees (2011)

Det var mange høgdepunkt i Nye Takter i gamle dagar, men ei halvfast spalte slutta aldri å fascinera meg. Willy B. laga av og til stamtre over norske grupper, tre der han fekk fram alle skifte av medlemmar, der han skreiv om banda, og der det gjerne var ein diskografi eller to. Dei retteleg gode stamtrea fletta saman fleire grupper.

Nokre år seinare forstod eg kvar han henta inspirasjonen frå. Midt i 90-åra kjøpte eg den aldeles fabelaktige boka The Complete Rock Family Trees, der britiske Pete Frame hadde samla dei stamtrea han hadde laga. Han var knytt til fleire britiske musikkaviser, men laga dei fyrste (og kanskje dei fleste, kva veit eg) for Zigzag. Det fyrste stod på trykk i 1971, og så balla det på seg.

Boka over, altså The Complete ..., er, trass i den misvisande tittelen, så innhaldsrik at det nærmar seg ei komplett historie over rocken. Der er sjølvsagt manglar, det seier seg sjølv, men han er innom alle moglege musikksjangrar. Der er nær 60 stamtre, og det er ei bok eg rett som det er hentar fram igjen.

I 1998 kom oppfølgjaren More Rock Family Trees, med 32 nye tre, og i fjor kom altså den tredje samlinga. Desse to siste er ikkje like gode som The Complete ..., men dei held likevel mål i massevis. Her er mindre tekst, diverre, men dei alltid like fascinerande stamtrea er, ehm, alltid like fascinerande. Her er tre om dei store og etablerte, og om dei litt mindre etablerte, som Suede eller plateselskapet Creation eller miljøet i Seattle rundt 1990. Dei lange vinterkveldane berre flyr av stad.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar