18. mars 2012

Babel (2006)

Dette er ein film der mykje går galt. Handlinga er lagt til fire land, og det heile kan verka uskuldig nok. To unge marokkanske gutar får med seg det nye geværet til far sin, for å forsvara geiteflokken deira mot sjakalar. Eit amerikansk ektepar er på bussferie i Marokko. Den meksikanske hushjelpa deira i San Diego skal i bryllaup til son sin i Mexico, og sidan ho ikkje finn nokon som kan ta seg av dei to ungane til det ferierande ekteparet, tek ho dei med seg over grensa. Og ei japansk døvstum og pubertal jente er ute på byen med veninnene sine.

Men så går det galt. Dei to gjetarane prøver å finna ut om det er sant at geværet kan treffa mål fleire kilometer unna, og siktar på ein buss på ein veg nede i dalen. Dei treffer uventa godt, og råkar den amerikanske ferierande dama i halsen. Mannen hennar gjer det han kan for at ho skal få kontakt med ein dokter. Den meksikanske hushjelpa får problem då ho skal attende til USA igjen. Og den japanske jenta prøver dop, får likevel ikkje napp hjå ein gut ho hadde sett seg ut, og får det generelt ikkje slik ho vil.

Det er ein finfin film, med eit like fint manus. Dei tre forteljingane er fint vevde inn i kvarandre, mellom anna av di den eine forteljinga er (umerkeleg) lagt til dagen etter dei andre. Forteljingane heng alle saman - korleis hendingane i Japan passar inn vert fyrst diskret fortalt gjennom eit foto hjå ein marokkanar, deretter meir open openlyst. Det er i det heile ein film der bakgrunnen for forteljingane gradvis vert avdekka, der me fyrst mot slutten av filmen får vita kvifor folk handla som dei gjorde tidlegare.

Forholdet mellom foreldre og ungar er ein gjengangar. Det er utenkjeleg for den meksikanske hushjelpa å ikkje vera med då sonen gifta seg. At det ferierande paret ikkje er heilt på talefot heilt i filmen kjem av han flytta frå ho, etter ein episode med ein baby. Far til dei to marokkanske gutane opplever skytinga deira som eit enormt svik. Og den japanske jenta har ein far som arbeider altfor mykje, og fann sjølv mor si etter at mora hadde teke livet sitt.

Guffen tilrår.

1 kommentar:

  1. Bra film. Jeg snakket om den for noen dager siden, i en anbfaling. Først snakket jeg om en annen film Bernal er med i, den til Lukas Moodysson som jeg ikke husker tittelen på, er det Mammut bare kanskje? Den har i hvertfall veldig mange likhetstrekk med Babel, forviklinger flere forskjellige steder på jorden og barnevakter fra andre land osv. Men Babel var før Mammut. Begge er bra i hvertfall. Jeg skal snart se Babel igjen.

    SvarSlett