18. november 2010

American (2010)

For eit par år sidan var eg på skuleturné saman med Runar. Han hadde nokre opptak av to amerikanske komikarar, Mitch Hedberg og Bill Hicks, og meinte at dette ville passa for meg.

Eg var skeptisk, men lot det stå til. Svært få komikarar får meg til å le, men eg vart positivt overraska, i alle fall over han eine. I humoren til Hedberg står leik med ord sentralt. Hjå Hicks er det hersing med det amerikanske samfunnet som får mest plass. Eg lo svært godt av Hedberg, medan eg ikkje fann så mykje å le av hjå Hicks.

Runar gjev ikkje opp så lett, og under ein ny skuleturné denne veka lånte han meg denne filmen. Filmen gjev eit godt bilete av livet og karriera til Hicks, og er elegant laga. Åtte-ti personar som stod Hicks nær fortel om korleis han var, og her er mange klipp som viser korleis han var på scena.

Hicks ville verta komikar alt frå han var liten. Han står fyrst på nokre lokale scener i Houston, der han etter kvart vert ein av dei største. Han vil likevel lengre, og flyttar til Los Angeles. Så langt i livet har han omtrent ikkje rørt alkohol, men i LA drikk han meir og meir, og showa hans endrar seg. Han drikk mykje også på scena, før han ein dag finn ut at han må slutta med drikkinga. Han flyttar til New York, der han ikkje kjenner mange, og etter ei stund utan alkohol der skriv han nytt materiale, og vert ei av dei heilt store komikarstjernene. Han vert stor i England, han vert stor i USA, før han ein dag før beskjed om at han har kreft i magen, og han døyr kort tid etter.

Historia vert fortalt på ein fin måte, og venene hans er udelt positive til det han har gjort, og til korleis han førte inn noko nytt og meir aggressivt i standupen. Eg har altså eit problem med at eg ikkje ser det store i humoren hans, mange stader minner det om halvgode punkrocktekstar utan musikk (og utan rim og rytme). Han er ekstremt samfunnskritisk, og det er lett å vera samd i det han seier, men spesielt morosamt er det altså ikkje. Det er likevel ein fin film.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar