9. september 2017

Jeffrey Burton Russell: Inventing the Flat Earth (1991)

Christopher Columbus var ein modig mann. Han hadde sjølv kome fram til at jorda var rund, og at ein såleis kunne finna India dersom ein segla over havet mot vest. Det gjekk bra, som me veit, han kom til eit kontinent han skal ha trudd at var det asiatiske, osb.

Omtrent slik vart me fortalt om Columbus på skulen for mange år sidan. Denne boka dokumenterer på svært grundig vis det eg har lese andre stader: At jorda var rund var almennkunnskap då Columbus var på topp. Og det hadde vore almennkunnskap i mange hundre år. Columbus var ein modig mann, men ikkje av di alle andre trudde at jorda var flat: Dei som hadde rekna på storleiken til jordkloden hadde fått eit svar som var svært nær det korrekte, og dei fleste meinte difor at det var uråd å segla heilt til Asia viss ein segla vestover. Ein ville gå tom for mat og drikke lenge før ein kom fram. Då Columbus søkte om støtte til turen manipulerte han dei kjende tala, slik at det faktisk såg ut som om det kunne la seg gjera. Det kunne det ikkje, men heldigvis for Columbus dukka det opp eit ukjent kontinent.

Russell viser altså korleis den runde jordkloden var godt kjend. Han viser òg kvifor noko anna vart hevda på 1800- og 1900-talet. Frå 1820-åra vart det frå fleire hald, fyrst og fremst religiøse, hevda at jorda var flat, og at det for Columbus òg var slik. Dei kunne ikkje snakka seg vekk frå at det i antikken var kjent at jordkloden var rund, men meinte at denne kunnskapen hadde gått tapt. Det utrulege er at dette synet festa seg.

Russel skriv ikkje akkurat sprudlande, men han går sakleg og grundig til verks. Og det er sjølvsagt fint med bøker som gjev oss ny kunnskap.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar