16. februar 2015

Roots (1977)

Det har vore ei ekstrem utvikling i fjernsynsseriar dei siste tiåra. Det gjeld mange sider ved seriane, men i ein serie som denne, som er nær førti år gamal, er det tre ting som peikar seg ut: Dialogen er altfor enkel her. Sminkinga av folk som er vorte nokre tiår eldre er pinleg. Og tempoet er eit heilt anna. Tidvis går dette svært, svært tregt.

Men det er likevel ein heilt grei serie. Roots var eit fenomen då serien vart vist i januar 1977 - ABC viste dei åtte episodane åtte kveldar på rad. Serien er basert på ein roman av Alex Haley, som hevda at han skreiv si eiga slekts historie. Det stemmer ikkje heilt, men det er heller ikkje det viktige her. Serien var viktig, ikkje minst av di han gjorde det tydeleg at måten det amerikanske storsamfunnet hadde behandla slavane var umenneskeleg og vel så det.

Serien tek til i Vest-Afrika, der den unge mannen Kunta Kinte vert teken til fange. Han vert ført vestover over Atlanteren, og seld som slave. Han prøver å røma, vert teken igjen, og vert mishandla både psykisk og fysisk. Seinare følgjer me dotter hans, og son hennar igjen vert den fyrste i familien som er ein fri mann i USA. Gjennom heile serien er solidariteten blant slavane, mishandlinga frå dei kvite, og draumen om fridom tydelege tema. Det går seint av og til, her er ingenting å le av (i alle fall ikkje noko som er meint å vera komisk), skodespelet er tidvis så karikert at det minner om ein parodi, men det er likevel ein serie som fengar.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar