14. september 2013

Mark Lee Gardner: To Hell on a Fast Horse (2010)

Pat Garrett og Billy the Kid høyrer saman, på ein måte. Billy the Kid var ein ung bråkmakar, som drap fire menn og som òg braut lova på andre område. Pat Garrett var sheriffen som tok livet av Billy the Kid i 1881, etter at han (endå ein gong) hadde brote seg ut av fengselet. Likevel var også Garrett prega av det til dels lovlause livet i New Mexico på den tida, og sjølv om han vart rikt belønna for å ha drepe the Kid, og sjølv om han ved nokre høve hadde faste og gode jobbar, var det noko rastlaust over livet hans.

Billy the Kid var ein brotsmann, men han hadde mange vener i området. Etter at han var drepen vart han for mange ein endå større helt. Det vart skrive meir eller mindre truverdige bøker om livet hans, og det vart òg laga filmar. Her vart gjerne Garrett tvilsamt framstilt, og Billy the Kid vart etter kvart helten i dramaet.

I denne dobbeltbiografien har Mark Lee Gardner brukt ei rekkje kjelder, langt fleire enn det som skal vera vanleg når ein skriv om dei to. Han går svært detaljert til verks, og får godt fram likskapane mellom dei to. Begge var gode skyttarar, begge var modige, begge likte seg godt på hesteryggen, og begge treivst i dramatiske situasjonar. Dei kjende kvarandre litt, også før Garrett vart sheriff, og dei skal ha hatt stor respekt for kvarandre,

Gardner skriv detaljert, og av og til vert det for detaljert. Det vert mange namn å halda styr på, og i kapitla som handlar om livet til Garrett etter at han drap the Kid tapar boka seg. Det tek seg rett nok opp på slutten. Garrett var ein kontroversiell kar, og slik sett var det ikkje uventa at han vart drepen, han òg.

Guffen tilrår.

Meir Gardner på kulturguffebloggen
Shot all to Hell (2014)
Rough Riders (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar