24. august 2013

Donald Ray Pollock: The Devil All the Time (2011)

Av og til råkar Amazon så til dei grader blink med bøkene dei tilrår. Både forfattaren og boka var heilt ukjende for meg, men eg prøvde meg. Det angrar eg ikkje på - dette er ei glimrande bok.

Handlinga er lagt til den amerikanske Midtvesten. Boka kan minna litt om Flannery O'Connor, i alle fall i starten, der den litt for religiøse Willard Russell meiner at Gud er den einaste som kan redda den kreftsjuke kona hans. Han tek med seg sonen Arvin til ein rydning i skogen for å be. Det hjelper lite, så inspirert av Bibelen tek han til med ofring av dyr. Rydninga vert etter kvart ganske blodig, og det vert etter kvart og resten av boka.

Gjennom boka går det tre historier, som vert eksemplarisk fletta saman mot slutten. Etter at faren òg døyr, vert Arvin plassert i ein familie der det òg bur ei foreldrelaus jente. Ho veit ikkje kvar foreldra er, og veit ikkje det lesarane veit - at far hennar, Roy, ein forvridd predikant, har drepe mor hennar. Arvin tek seg av ho han etter kvart kallar syster si, og etter at ein prest gjer henne gravid, tek han livet av presten og rømmer. Bilen hans bryt saman, og han må haika vidare.

Roy reiser rundt saman med ein kompanjong som sit i rullestol. Dei livnærer seg på ulikt vis, men etter at han andre døyr, bestemmer Roy seg for å reisa attende til byen der dotter hans bur - han har ikkje sett ho på sytten år. Han har ikkje bil, og må haika.

Korkje Roy eller Arvin kvir seg for å vera valdelege viss det trengst. Den tredje historia handlar om eit par, Carl og Sandy, som aktivt oppsøkjer vald. Kvar sommar køyrer dei rundt i nabostatane, plukkar opp mannlege haikarar, får dei til å tru at Sandy vil ha sex med dei, før dei tek livet av dei og fotograferer dei etter at dei er døde, gjerne saman med den avkledde Sandy.

Det er mykje vald, altså, og mykje grotesk vald. Men boka er så godt komponert, med så gode setningar og så gode dialogar, at ein nesten overser det. Det er kanskje ei oppbrukt tilråding, dette, men boka er svært vanskeleg å leggja frå seg.

Guffen tilrår.

Meir Pollock på kulturguffebloggen
Knockemstiff (2008)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar