3. november 2012

Lars Mæhle: Korea. Noveller om kjærleik (2011)

Dette er den fyrste boka eg les av Lars Mæhle. I alle fall den fyrste vaksenboka, saman med Aslak har eg lese og høyrt fleire forteljingar om fotballaget Knoterud.

Men dette er andre bollar. Det er ei samling noveller, der personar frå ei novelle dukkar opp i ei anna. Og der dei fleste hovudpersonane dukkar opp i den lange sluttnovella. All handling er lagt til Sunndalsøra, der Mæhle sjølv voks opp, og alle novellene handlar om kjærleik. Meir presist - dei handlar om ikkje heilt vellukka kjærleik. Det kan vera ein ung gut som omsider kjem på korleis han skal visa ei jente at han er forelska i ho. Det kan vera eit ektepar der kona er den einaste i heile bygda som ikkje veit at mannen har ei elskarinne. Det kan vera ei ung gravid kvinne som ikkje har det så bra med kjærasten sin, og som difor reiser attende til huset der ungen vart unnfanga, for å mimra om kor fint det var der, og kor fin utsikta frå kjøkenvindauga var.

Korea er  ei fin bok. Mange av dei uavklara spørsmåla frå dei seks fyrste novellene får sine svar i den sjuande og siste novella, men ikkje alle. Og sjølv om det der vert lagt opp til fleire happy endingar, kjem dei ikkje, slik at den litt triste stemninga held seg gjennom heile boka. Og det er òg flott at boka sluttar med ei hending me ikkje veit resultatet av.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar