Wounded Knee er eit stadnamn som kan gje meg klump i halsen. Eg har aldri vore der, men har lese nok om massakren som fann stad der i 1890, og om korleis det var slutten på striden mellom indianarar og kvite i USA.
Det var i alle fall slutten på striden på 1800-talet, men også på 1900-talet var der skyting mellom indianarar og kvite i Wounded Knee. Denne gongen, i 1973, symboliserte det enden på ei rørsle som ville gje indianarane høgare status i USA.
Denne boka fortel om denne rørsla, og dei tre viktigaste aksjonane dei gjennomførte. Ingen av dei tre førte til store samfunnsendringar, det viktigaste resultatet var vel at fleire vart kjende med korleis indianarane levde, og at indianarane fekk prov på at svært mange var solidariske med kampen deira. Det siste avsnittet i boka oppsummerer det heile greitt: "That a dew thousand who fought to bring power and visibility to the most ignored population in the United States failed to win all they dreamed can hardly be surprising. That they came so close is the miracle".
Den fyrste aksjonen, ein okkupasjon av fengselsøya Alcatraz, fann stad på den amerikanske vestkysten i 1969-70. Den andre aksjonen, ein marsj mot hovudstaden Washington DC, og ein påfølgjande okkupasjon av huset til Bureau of Indian Affairs, fann stad på den amerikanske austkysten i 1972. Og den siste aksjonen, eit forsøk på å etablera ein Sioux-stat i Wounded Knee, fann stad sentralt i USA ti veker i 1973. Aksjonane var altså spreidde over heile kontinentet, men heile tida i kjende og symboltunge stader. Ingen av aksjonane førte fram, og den viktigaste grunnen var truleg at styresmaktene tok tida til hjelp. Ved den siste aksjonen var det jamleg skyting, og rundt Wounded Knee hadde militæret stilt opp store mengder skytevåpen, men dei tok aldri sjansen på ei massiv skyting mot okkupantane. Ein ny massakre ved Wounded Knee ville hatt katastrofale følgjer for det kvite USA.
Dei to forfattarane fortel godt om desse tre aksjonane, og litt om tida før og etter. Det er aldri tvil om kvar sympatien ligg, men det gjer ingenting. Boka er vel meir viktig enn god, ho fortel om hendingar som ikkje bør verta gløymde.
Guffen tilrår.
25. mars 2013
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar