6. mars 2013

Stranger than Paradise (1984)

Willie bur i New York, og får besøk av Eva, eit syskenbarn frå Ungarn. I fyrsten vil han helst ha ho vekk, men når ho reiser vidare til tanta i Cleveland ti dagar seinare vil han at ho skal verta. Eitt år seinare vinn han ein del pengar i poker, saman med med venen Eddie. Dei låner ein bil, køyrer til Cleveland, og tek med seg Eva til Florida. Der spelar Eddie og Willie vekk nesten alle pengane, men greier å gå med overskot. Samstundes har Eva på høgst tilfeldig vis fått tak i enormt med pengar, og ho reiser til den nærmaste flyplassen, utan at dei veit det.

Det er ein uvanleg smakfull og stilstikker film. Det er den andre filmen til Jim Jarmusch. Filmen er i svart-kvitt, og historia vert fortalt svært roleg og avslappa, men likevel ikkje slik at det vert stilleståande. Filmen opnar og sluttar ved to ulike flyplassar, og resten av filmen går føre seg i eit ikkje altfor velståande Amerika. Det er ei melankolsk stemning gjennom heilt filmen. Fleire av dei viktige hendingane skjer utan at me ser dei, som då Eddie og Willie tapar det meste av pengane på hundeveddeløp.

Tilhøvet mellom dei tre hovudpersonane er fint skildra. Willie ser seg sjølv som sjefen, det er oftast han som bestemmer kva dei skal gjera. Eva verkar som om ho berre er med på kjøt og flesk, og i Florida, som i New York tidleg i filmen, vert ho berre parkert på rommet medan dei er ute for å gambla.

Det er lenge sidan eg såg denne filmen for fyrste gong. Han held framleis i massevis, og det er fare for at eg må sjå fleire Jarmusch-filmar om igjen.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar