27. februar 2013

Lincoln (2012)

Abraham Lincoln vert hugsa som ein stor amerikansk president, fyrst og fremst av di han avvikla slaveriet. Det er akkurat den hendinga denne filmen handlar om, det er altså ikkje ein tradisjonell biografisk film som handlar om eit liv frå vogge til grav. Det er eit godt grep, men samstundes vert filmen lett eit offer for denne trongen til å dra filmar ut lengre enn dei bør. Filmen varer i to og ein halv time, og er rett som det er relativt stilleståande.

Det meste av filmen er møte, anten folkerike samlingar i representantanes hus, eller mindre møte der Lincoln snakkar med regjeringa si. Han vil at representantane skal vedta ei lov som forbyr slaveriet. Men det er rett før borgarkrigen er over, og han er redd for at viss freden kjem før lova vert vedteken, vil han ikkje få støtte til ho. Han må overtala tjue demokratar, og det er det politiske spelet for å nå dette målet me vert vitne til. Lincoln snakkar høgt og ofte om å berga demokratiet, men han kvir seg likevel ikkje for å ta nokre snarvegar, for å nå måla sine.

Med Daniel Day-Lewis i hovudrolla veit me at me får ein solid Lincoln. Han er forsiktig, tilbakehalden, han har lett for å avspora møte med ein av sine mange anekdotar, og kan rett som det er verka litt distansert og nesten uinteressert. På den andre sida vert han bestemt og tydeleg, og ekstremt veltalande, dei gongene han føler at dei andre på møtet er i ferd med å ta eit anna standpunkt enn det han har. Lincoln vert altså ein dyktig politikar, som bruker evnene sine best når det gjeld som mest.

Det er ein stilrein film, men altså ein film der det går litt seint. Alle veit korleis det går med lova, alle veit korleis det går med borgarkrigen, slik at det er langt mellom overraskingane i filmen. Den einaste store slike kjem mot slutten av filmen, når Lincoln vert skoten i ein teatersal.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar