4. februar 2013

Rio Grande (1950)

Ny togtur til Oslo, to nye filmar på toget. Det har lett for å verta gamle filmar - av og til er dei både gode og gamle, av og til er dei berre gamle. Denne høyrer til i den siste kategorien.

Det er i hovudsak to problem med denne filmen. Historia er korkje god eller original nok, og ho vert heller ikkje fortalt godt. Klisjeane står i kø. Dei som har sett nokre westernfilmar veit kva som ventar av landskap, og det er heller ikkje vanskeleg å skjøna kven som vert den store helten mot slutten av filmen. Ved sida av John Wayne, sjølvsagt.

Wayne er oberst, og leiar for eit kompani som er stasjonert ikkje langt frå Rio Grande, grenseelva mot Mexico. Dei har fanga nokre indianarar, men desse vert befridde, og prøver å koma seg over elva. Mot slutten vert det litt skotvekslingar, indianarane greier å stela ei vogn full av ungar (som soldatane av ein eller annan grunn har med seg), men den mest kontroversielle soldaten greier å befri dei, saman med to andre soldatar.

Ein av dei to er son til obersten. Dei har ikkje hatt kontakt på femten år, og det har heller ikkje vore kontakt mellom foreldra. Mora dukkar òg opp, ho vil gjerne få sonen ut av militæret. Wayne forstår kvifor ho vil det, men meiner at sonen ikkje kan bryta soldatløftet han har gjeve. Eit slikt løftebrot ville bryta med dei gjeldande æreskodeksane, og i det vesle soldatsamfunnet er det klare reglar for korleis ein oppfører seg. Kjønnsrollene er til dømes akkurat slik ein ville mistenkt dei for å vera.

Det heile går føre seg i eit altfor seint tempo. Det tek lang, lang tid før filmen kjem verkeleg i gang, og også i resten av filmen vert handlinga avbroten av seige scener som berre dempar interessa. Soldatkoret viser seg både titt og ofte, og dei kunne med hell avgrensa innsatsen sin.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar