9. februar 2012

James Dickey: To the White Sea (1993)

Minst to av dei tre romanane James Dickey gav ut var godt eigna for filming. Piknik med døden er ei filmatisering av debutromanen hans, og Coen-brørne sikra seg rettane til å filma denne romanen. Dei kom langt i planlegginga, manus var klart, Brad Pitt hadde takka ja til å spela hovudrolla, men det skar seg likevel. Dei ville filma i Japan, og då vart det for dyrt for dei som skulle finansiera det heile.

Det er lett å sjå at Coen-brørne viste interesse for å filma boka. Det kan minna litt om O Brother..., her går Muldrow, ein amerikansk soldat, gjennom det meste av Japan, for å nærma seg Alaska, heimstaten sin. Samstundes ville det ha vorte ein annleis Coen-film, her er svært lite dialog.

Muldrow er stasjonert på ei øy sør for Japan. Det er mars 1945, og han skal på eit bombetokt over Tokyo. Flyet hans vert skote ned, og han søkjer tilflukt i eit kloakkrøyr under byen. Under eit massivt flyangrep nokre dagar seinare kjem han seg ut av byen. Det er framleis krig, så han held seg vekke frå vegar og byar. Han tenkjer meir og meir som eit dyr, han tenkjer på kva ein hare eller ein hjort eller ein jerv ville ha gjort i dei ulike situasjonane. Han har eit godt talent for å greia seg sjølv, han er sterk og har ein ekstrem disiplin, slik at han greier å koma seg ut av dei krisene som oppstår. Det går med nokre liv på vegen. Han kjem seg over til Hokkaido, den nordlegaste av dei større japanske øyane, men der er han omtrent i ei anna verd - her lever det primitive folk som truleg ikkje veit at det er krig, og heilt nord flyttar han inn i hytta til ein eldgamal mann og dei to jaktfuglane hans.

Det er ei bok der det som skjer i Muldrow er like spanande som det som skjer rundt han. Han vert meir og meir ustabil, og det siste han fortel om er truleg ikkje spesielt reelt. På vegen tenkjer han mykje på oppveksten i Alaska, det var der, langt vekke frå folk, han treivst best. Slik sett har han det bra også på vegen gjennom Japan, der han går i dagevis utan å treffa folk, og der han ikkje snakkar med dei han møter. Ei finfin bok.

Guffen tilrår.

Relatert på kulturguffebloggen:
Piknik med døden (1972)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar