Det er bra med ei bok som har "A History of Grunge" som undertittel, og der alle i boka mislikar omgrepet grunge. Yarm har intervjua ei lang rekkje personar, nokre spelte sjølve, andre dreiv plateselskap, nokre skreiv, medan andre høyrde. Heile boka er sitat frå desse, og Yarm har redigert det heile saman til ei fin bok.
Grungen voks fram i Seattle, og nokre år på tidleg 90-tal var fleire av gruppene derfrå blant dei store i rocken. Alle gruppene frå byen var sjølvsagt ikkje like interessante, men mange heiv seg på bølgja. Nokre flytta til byen for å kunna kalla seg eit Seattle-band, utan å ha noko nytt å koma med, musikalsk sett.
Boka tek til med U-Men, eit punkband forma i 1981, og vert etter kvart like mykje ei historie om den interessante delen av rockemiljøet i Seattle. Mykje av det i boka kan overførast til heile det amerikanske rockemiljøet, der gruppene i starten er lutfattige, gjev ut plater sjølv eller på små selskap, og der det heile er ein lite synleg undergrunnskultur. Det eksploderer rundt Nevermind, og alle vil ha ein bit av grunge og Seattle-musikarar. Dei fleste får kontrakt med store selskap, mange sel godt med plater. Det vert meir pengar, og det gode samhaldet smuldrar vekk. Etter nokre år tek ei anna musikkform over, og gruppene sel mindre plater og dei fleste går i oppløysing.
Det gjekk altså litt opp og ned, og når det gjekk ned, gjekk det langt ned. Det vart mykje dop, og fleire av dei mest profilerte musikarane fekk etter kvart store rusproblem. Nokre greidde å stoppa det, andre greidde det ikkje.
Det er altså ei fin bok. Rett som det er er nokre usamde om kva som hende. Av og til, når Yarm fortel kva andre har sagt om kva som hende, vert det krangling. Og ingen kranglar meir enn Courtney Love, som vel er den som kjem dårlegast ut av boka. Mange andre kjem godt ut av boka, det er jo ei stor føremon i ei slik bok at informantane kan ordleggja seg godt. Det bandet som gjer det best i så måte er Mudhoney, men også fleire serverer godbitar:
Buzz Osborne (Melvins), på spørsmål om Kurt Cobain var roadie for bandet: I always laugh at that: Kurt Cobain was our roadie. Look at him - he could barely lift himself out of bed. A roadie? For what, a flea circus?
Steve Turner (Mudhoney): I went back to school a lot. I didn't see a straight line through college, but I told my parents I was hoping to be done with college when I was 30. When I was 30, I was like, Fuck, man. I gave myself 12 years, and I failed.
Gary Lee Conner (Screaming Trees): We started playing a normal set. At one point, I heard Krist Novoselic, who was off to the side of the stage, say, " Play the one about the devil!" I said, "They're all about the devil!" And then all hell broke loose.
Guffen tilrår.
16. februar 2012
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar