George W. Bush var den suverent beste presidenten USA har hatt. Han var klok, innsiktsfull, myndig, handlekraftig, respektert, læreviljug og effektiv. Dukka det opp eit problem, tok det ikkje lang tid før han sette seg inn i det, og fann ei løysing på det. Han var president i åtte år, og i løpet av dei åtte åra vart USA eit langt betre land å bu i. Han avgrensa seg likevel ikkje til heimlandet, han var stadig på farten i utlandet, der han òg hadde svære kunnskapar, og der han sette i gang fleire prosessar til det beste for alle fridomssøkjande og demokrativennlege personar i heile verda.
Det inntrykket får ein etter å ha lese denne boka. Det var kanskje ikkje så uventa, sjølvbiografiar er jo ein fascinerande sjanger. Med den massive og verdsomfamnande kritikken Bush fekk då han var president, er det ikkje rart at han prøver å framstilla seg sjølv i eit godt lys. Biletet er truleg meir nyansert enn det inntrykket ein fekk av Bush då han var president, men eg trur likevel ikkje på det han skriv her. Det er ein grunn til at det florerer av Bush-blemmer på Youtube. Av og til minte Bush mest om ein person som hadde vunne ein konkurranse der premien var å vera president i USA. Plakaten ein demonstrant viste fram ein gong Bush vitja Storbritannia seier det meste: "Mad Cowboy Disease".
Når eg skriv at Bush har skrive boka sjølv, legg eg godviljen til. Ingen medforfattar er kreditert, men i takkelista til sist i boka vert det hinta om at ein av taleskrivarane hans, Chris Michel, har vore god å ha i arbeidet med boka. Boka er såpass velskriven, og dei ulike kapitla er så godt komponerte, at eg slit med å sjå at det er Bush som har skrive dei. Kanskje er det berre fordommar, Bush viser ofte til bøker han har lese, og skriv ein stad at han ein gong utfordra Karl Rove til ei lesetevling. Bush tapte, men las likevel 95 bøker i løpet av eit år, og det er eit respektabelt tal. Det går ikkje klart fram om dette var medan han var president, men han fann tid til mykje lesing då òg - han skriv at han las fjorten ulike biografiar om Abraham Lincoln medan han var president.
Bush framstår som folkeleg. Også i formelle samanhengar løyser han opp stemninga med middels gode replikkar, og han var ein utypisk politikar, som dei meir røynde politikarane må ha slite med å samarbeida med. Han hadde god kontakt med mannen i gata, han refererer stadig til brev og helsingar han har fått frå desse. Boka er bygd opp rundt dei viktigaste sakene han arbeidde med, og krigen mot terror og krigen i Irak får sjølvsagt god plass. I den andre presidentperioden sin auka han talet på soldatar i Irak, og fekk massiv kritikk for dette, også frå eigne partirekkjer. I boka vert denne kritikken møtt med at Bush siterer brev frå foreldre til ein soldat som har mist livet i Irak - desse skriv at dei er stolte av at sonen gav livet for landet sitt, og for Bush verkar det som om slike brev rettferdiggjer det han gjorde.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
7. januar 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar