Eg puslar av og til litt med utvandringa frå Noreg til USA. Eg er medlem i NAHA, det norskamerikanske historielaget, og fekk nyleg info om ei nettutstilling som handla om då det norske kronprinsparet vitja USA i 1939. Det var ikkje nokon snartur - dei var på farten i ti veker, og hadde tett program dei fleste dagane. Reiseruta deira gjekk, sånn grovt sett, frå New York–Chicago–Northfield–Grand Canyon–Hollywood–Seattle–Wellowstone–Minot–Minneapolis–Chicago–Cleveland–Washington DC–Boston. Dei vitja mellom anna storbyar, nasjonalparkar og norskamerikanske busetnader.
Denne boka er skriven av to journalistar som var med på heile reisa. Jens Schive var redaktør i NTB, og leverte stoff til norske aviser, medan Hans Olav var redaktør for den norskamerikanske avisa Nordisk Tidende. Her står litt om førebuingane, før dei skildrar heile turen, medrekna turane over Atlanteren. Det vert litt for detaljert, og det vert altfor rosande, men i det heile er det ei fin skildring.
Eg tek litt av kongeskrytet deira med ei klype salt, men det var nok slik at kronprinsparet, altså Olav og Märtha, gjorde eit godt inntrykk under turen. Det kjem òg fram kor viktig dette besøket var for norskamerikanarane, både dei som fekk møta dei kongelege, men og for dei som stod langs vegane og vifta med norske flagg.
Guffen tilrår.