5. juli 2016

Jah Wobble: Memoirs of a Geezer (2009)

For meg vart dette ei todelt bok. Den fyrste halvdelen er klart best, mot slutten av boka er det tynne greier. Det kan sjølvsagt koma av at eg kjenner langt betre til det Wobble skriv om tidleg i boka, men eg trur ikkje det er einaste grunnen: Han verkar mindre inspirert når han skriv om dei ferskaste hendingane.

Wobble vaks opp i London. Midt i 1970-åra, då punken tok av, var han ein nær ven av Johnny Rotten, og vart med i Public Image Limited, bandet Rotten drog i gang etter at Sex Pistols vart oppløyst. Wobble, som etter kvart vart ein habil bassist, var berre med i bandet i to år, men var mellom anna med på Metal Box. Her skriv Wobble godt - han kuttar ut det alle har lese andre stader (som til dømes då Rotten prøvesong for Sex Pistols), og greier å seia noko nytt om desse viktige åra.

Men så dabbar det altså av. Det minner av og til om namedropping, der han fortel om musikarar han har spela med og snakka med, og det går frå det eine prosjektet til det andre. Han verkar som ein det er vanskeleg å samarbeida med, og utover i boka vert eg meir og meir overtydd om at han undertrykkjer dei negative sidene ved seg sjølv. Det er sjølvsagt fullt lovleg i ein sjølvbiografi, men av og til hintar han om ei valdeleg side ved seg sjølv det er vanskeleg å få sansen for.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar