28. juli 2025
Charles Chaplin: My Autobiography (1964)
26. juli 2025
Knut Hamsun: Den Gaadefulde (1877)
Dette er debuten til Knut Hamsun. For litt sidan las eg debuten til Olav Duun, og det er nesten rart å jamføra dei to: Skilnaden er enorm. Der boka til Duun vitna om at noko stort var i emning, er dette så dårleg og klisjefylt at det er uråd å sjå det minste spor av at Hamsun skulle verta ein viktig person i norsk litteratur.
Me kan jo byrja med tittelen: Han må peika fram mot at husmannssonen i boka, Rolf Andersen, eigentleg er høgt utdanna og at han og faren på sett og vis har gått i dekning. Men likevel - både Andersen og dei andre personane i boka er så uinteressante at ikkje ein einaste lesar vil tenkja at dette var verkeleg gåtefullt.
Me er i Nordland. Storbonden Ole Aa har ei attraktiv dotter, Rønnaug, som forelskar seg i Rolf Andersen. Ho får fyrst "nei" til dette forholdet heime, før ho altså får "ja" når far hennar finn ut at Andersen er noko anna enn det han gjev seg ut for.
Det er livlaust, det er klisjefylt, og replikkane er så dårlege at det heile minner om ein parodi. Det er ikkje rart at Hamsun ikkje ville ha denne boka med då forlaget seinare gav ut dei samla verka hans.
Guffen kan ikkje tilrå dette.
Meir Hamsun på kulturguffebloggen
Bjørger (1878)
Victoria (1898)
Telegrafisten (film, 1993)
24. juli 2025
Annie Ernaux: Jeg er fortsatt her inne i mørket (1996)
Ei fin lita bok. Mor til Ernaux vart dement og budde den siste tida på ein institusjon. Ernaux tok korte notat gjennom heile perioden. Mange år seinare tok ho fram igjen desse notata, og såg at det var godt skrive. I eit føreord skriv ho at gjev det ut utan å gjera endringar, og det er nesten utruleg: Boka er så full av gode refleksjonar og så presis og komprimert at det verkar som teksten er redigert.
Når ho vitjar mora tenkjer ho ofte tilbake på korleis dei to har kjent kvarandre. Har dei kome kvarandre nær nok? Har dei kome kvarandre for nær? Ho fortel om alt ho får sett, både av pinleg intime situasjonar og av eldre folk som er like hjelpetrengande som småbarn. Utetter i boka innser Ernaux at ho og mora har bytt plass - der mora ein gong tok seg av ho, er det no Ernaux som tek seg av mora.
Det er mykje kjensle i det ho skriv, men samstundes held ho avstand til det som skjer. Kanskje det berre er når ho skriv; kanskje det er slik heile tida.
Guffen tilrår.
Meir Ernaux på kulturguffebloggen
Hendelsen (2000)
Årene (2008)
Sommeren 58 (2016)
Far. En kvinne (2021)
21. juli 2025
Olav Duun: Løglege skruvar og anna folk (1907)
Alle novellene går føre seg i eit kystlandskap, der folk driv med jordbruk og fiske. Replikkane er ofte på dialekt, og ikkje uventa er det spor av trønder-dialekten. Personane Duun skriv om er ikkje av dei mest vellukka eller dei mest velståande, tvert i mot skriv han gjerne om fattige folk, folk som ikkje får det til, og folk som er lettlurte. I dei fleste novellene er det bra med humor.
Nokre noveller verkar mest som reine forteljingar, men andre gonger dreg Duun opp nokre litt tyngre spørsmål. Kan til dømes ei kristen kvinne slå seg saman med ein fritenkjar?
Guffen tilrår.
Meir Duun på kulturguffebloggen
Marjane (1908)
Medmenneske (1929)
Otto Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys (1995)
Dag Solstad leser Olav Duun (2018)
20. juli 2025
Nescio: Unge titanar (1918)
Det er spanande å la andre velja bøker for deg - det er ein god inngang til å møta nye forfattarar. I dette tilfellet er det òg ein forfattar frå eit land eg les svært lite frå. Nescio hadde ein relativt liten produksjon, men i etterordet her fortel omsetjaren, Robin Van de Walle, at Nescio har fått ein høg status i heimlandet. Desse tre novellene vert omtalte som hovudverket hans, og vart skrivne mellom 1909 og 1917.
Dei to fyrste novellene, "Snyltaren" og "Unge titanar", handlar (stort sett) om dei same mennene. Dei er unge, dei er lovande, dei vil skapa noko. Dei er bohemar, eller kanskje dei berre vil vera det. Dei har ikkje fått til alt dei vil, men dei er optimistar med stor tru på framtida si. Den siste novella, "Ein liten poet", fortel om ein poet som går drøymande gjennom livet - han møter både Gud og Djevelen, og han drøymer om jenter.
Eit tema i alle tre novellene er overgangen frå ungdom til vaksen, frå eit fritt til eit meir etablert liv. Somme stadar kan me merka ein motvilje mot å gå gjennom denne prosessen, samstundes som det verkar uunngåeleg.
Guffen er lunken.
17. juli 2025
Kjartan Fløgstad: Rasmus (1974)
Eg har ikkje lese mange romanar av Kjartan Fløgstad, og eg har vel ikkje vore like nøgd med alt eg har lese heller. Han er likevel ein forfattar eg ofte tenkjer at eg burde lesa meir av, og det kan henda at eg var for ung og urøynd som lesar sist eg las romanar av han. Så eg prøver meg igjen, og tek like godt til med den fyrste romanen hans.
Romanen kan minna litt om Bikubesong. Eller omvendt - denne boka kom jo ut lenge før Bikubesong. Der handlar det om Odda; her handlar det ofte om (noko som minner om) Sauda. Begge bøkene er romanar, men ingen av dei fortel ein samanhengande historie, og ingen ville ha reagert på om dei vart omtalte som novellesamlingar.
Her vert kvart kapittel fortalt av ein ny forteljar; alle kapitla opnar og sluttar med hermeteikn. Det er vel berre menn som kjem til orde, og det er menn som arbeider på fabrikk eller til sjøs. Dei har eit hardt og friskt språk, og dei må vel mistenkjast for å ta litt hardt i av og til. For meg er det kanskje det som er hovudinntrykket i denne boka - det vert ein slags heider av folkelege forteljingar.
Guffen tilrår.
Meir Fløgstad på kulturguffebloggen
Fløgstad-symposium (2001)
Brennbart (2004)
Fløgstad, Tusvik, Veiteberg: Skriftfest. Einar Økland 70 år (2010)
Rem, Søbye, Fløgstad: På æren løs (2020)
15. juli 2025
Piken fra fyrstikkfabrikken (1990)
Det går sikkert an å laga tristare filmar enn dette, men eg trur ikkje det er enkelt. Filmen handlar om Liris, ei kvinne i tjueåra. Ho bur hjå mora og stefaren, arbeider på ein fyrstikkfabrikk, og har ikkje noko stort og utprega sosialt liv. Ho gjer ikkje så mykje av seg, ho kler seg litt som ei grå mus, og ho ser at ho ikkje kjem seg inn i det samfunnet ho trur er spanande og kjekt.
Ein gong får ho likevel vera med ein velståande mann heim. For ho er dette ei drøymenatt med lovnad om noko meir, for han er det berre ei natt. Ho vert skuffa, men tek likevel kontakt med mannen når ho finn ut at ho er gravid. Han avviser ho, og to tek hemn. Både over han og mora/stefaren. Og ein til.
Filmen er (stort sett) utan sterke fargar. Det er grått og brunt, og det går i eit veldig roleg tempo. Opningsminutta er eit godt døme på det - utan at det vert sagt eit ord ser me korleis fyrstikker vert laga og pakka inn på fabrikken. Ho vert hundsa med i heimen, men finn seg i det utan å protestera. Kameraet står som regel i ro, det vert sagt lite, og dette er òg med på å dra ned stemninga. Men alt dette greier ikkje å dra ned kvaliteten på filmen - det heile er glimrande laga.
Guffen tilrår.
Meir Kaurismäki på kulturguffebloggen
I Hired a Contract Killer (1990)
La Vie de Bohème (1992)
Lys i skumringen (2006)
13. juli 2025
Kristofer Janson: Marit Skjølte (1868)
Den lokale filmklubben skal visa Brudeferden i Hardanger i haust. Dette er ein tidleg norsk spelefilm, ein stumfilm frå 1926. Det passar såleis godt at filmen byggjer på denne romanen, ein av dei aller fyrste romanane som kom på nynorsk. Eg er beden om å seia nokre ord til innleiing, truleg mest av di eg nyleg har skrive ei bok om utvandringa frå Voss. Eg trudde difor det ville vera meir om utvandring i boka, men det er det lite av.
Kort samandrag: Familien til Marit skal utvandra. Ho ombestemmer seg i siste augneblink og vert verande i bygda. Ho vil gifta seg med Anders, og då dei møtest vert dei samde om å venta i to år. I mellomtida finn han seg ei anna, og Marit vert vonbroten. Ho giftar seg med storbonden Tore, nærast på trass, og etter at han døyr vert ho ei av dei mest velståande i bygda. Ho vert òg ei av dei verste kvinnene i bygda - ho gjev aldri ros, og støyter frå seg dei aller fleste, inkludert eigne born. Fram til det kjem eit nytt vendepunkt i forteljinga.
Det er ei enkel historie, men boka fengar likevel. Det er viktig å hugsa at det var ei føregangsbok, i 1868 var det ikkje mange som hadde skrive noko som helst på nynorsk. Janson skriv godt, på eit språk som var nytt også for han.
Guffen tilrår.
10. juli 2025
Erlend Loe: L (1999)
Utgangspunktet for denne romanen er greitt: Forteljaren, ein kar som heiter Erlend, tenkjer på dei som bygde landet og på dei som oppdaga verda. Han kjenner det som om han høyrer til i ein generasjon som ikkje set nokre større spor etter seg, og finn ut at han vil gjera noko med det. Han går på skeiser på eit vatn ved Trondheim, og merkar at vinden fører han over til den andre sida. Kan noko liknande ha skjedd i Stillehavet?
Han får med seg seks andre og reiser til ei øy i Polynesia, der dei skal prøva ut denne teorien. Og ein del andre teoriar. Dei prøver å framstå som forskarar, men dei lurer ingen: Dei er der mest for å ha gjort det, verkar det som. Ingen trur på skeise-teorien, truleg heller ikkje han som fyrst kom på han.
Boka vert litt for omfattande. Det tek for lang tid før dei legg ut på reisa, og når dei omsider kjem fram til øya, skjer det såpass lite at det vert litt keisamt å lesa. Det ligg i korta at forteljaren er ekspedisjonsleiar og har siste ordet, men han let seg rett som det er overtala av andre.
Guffen er lunken.
Tatt av kvinnen (1993)
Naiv. Super (1996)
Fvonk (2011)
Helvete (2019)
Marit Eikemo et.al.: Smilefjes. Fem samtaler med Erlend Loe (2019)
Forhandle med virkeligheten (2020)
8. juli 2025
Twin Peaks, sesong 3 (2017)
Mot slutten av sesong 2 av Twin Peaks seier Laura Palmer noko slikt som "I'll see you in 25 years" til Dale Cooper. Det stemde nesten - det tok 26 år før denne tredje sesongen vart vist. Eg er usikker på kvifor eg ikkje har sett dette før no. Eg er jo positiv til Twin Peaks, og sesongen fekk gode omtalar. Kortversjonen er at det stemmer - han er langt betre enn den relativt misetable sesong 2.
Å gje eit samandrag av handlinga er ikkje lett. Det er ikkje alt som er like lett å skjøna, og det er òg veldig mange personar med. Men omtrent slik: FBI-agent Dale Cooper er stengt inne i The Black Lodge, ein stad som ligg utanfor den kjende verda. Dobbeltgjengaren hans er fri, og han lagar helvet overalt - det er i denne kroppen at Bob held til. Cooper kjem seg ut frå The Black Lodge, og tek bustad i kroppen til ein trippelgjengar, ein forsikringsagent frå Las Vegas (som, snedig nok, liknar på Cooper). Denne Cooperen er utan minne og går rundt som ein snill zombie. FBI kjem på sporet av både dobbeltgjengaren og trippelgjengaren, og etter kvart peikar alle spora mot Twin Peaks. Der møtest alle til det som i gamle dagar vart kalla eit endeleg oppgjer.
På veg dit har me òg vore innom mange andre og mindre historier. Nokre av desse ser ut til å vera nostalgiske, der me møter karakterar frå dei to fyrste sesongane. Fleire av desse har gjennomgåande roller, andre dukkar berre opp av og til. Og, snedig nok, sesongen sluttar med at Laura Palmer dukkar opp.
Eg las ein stad at David Lynch og Mark Frost gjekk med planar om ein fjerde sesong, men at dette måtte leggjast vekk då Lynch døydde. Han har handa på rattet her, han har regissert alle episodane. Av og til får den altfor rare Lynch overtaket, men stort sett er det finfine greier.
Guffen tilrår.
Meir Lynch på kulturguffebloggen
Blue Velvet (1986)
Wild at Heart (1990)
Twin Peaks, fyrste episode (1990)
Twin Peaks (1990-91)
Lost Highway (1997)
The Straight Story (1999)
Mulholland Drive (2001)
Inland Empire (2006)
Brad Dukes: Reflections. An Oral History of Twin Peaks (2014)