30. oktober 2024

Jerry Hopkins og Danny Sugerman: No One Here Gets Out Alive (1980)

Busselskapet Green Tortoise eksisterer visst framleis. Dei er eit rimeleg alternativt selskap, det var i alle fall det: Eg køyrde langs den amerikanske vestkysten med dei ein gong seint i åttiåra, og det var ein hippie-eim over det meste. Fremst i bussen var det setar; lengre bak var det berre ei stor madrass. Dei fleste av oss sov der, og morgonen var det ein fabelaktig frukost langt ute i skogen. 

Eg kom i snakk med fleire på bussen, sjølvsagt. Ein av dei eg snakka mest med las denne boka, og han skrytte enormt av ho. Eg hadde ikkje noko nært forhold til korkje Morrison eller The Doors, men eg kjøpte boka kort tid etter. Ivar (17) var nett på grava til Morrison, og eg tenkte at det var eit godt høve til å henta boka fram. 

Boka er god og underhaldande. Sugerman, den eine av dei to forfattarane, dukkar opp under eit halvgodt dekknamn; som 13-åring fekk han jobb på kontoret til The Doors. Han såg enormt opp til Morrison, og noko av kritikken andre har framført til denne boka er at han pyntar litt på fakta. Viss det er sant, må Morrison ha vore ein enorm drittsekk. I denne boka framstår han berre som ein rimeleg stor drittsekk. Han tøyer grensene, men han gjer det mot alt og alle. Han bryt med familien. Han var ein rundbrennar av dimensjonar. Han kom ofte for seint til konsertar. Han vart meldt til politiet for å ha blotta seg under ein konsert. Osb, osb. Han var hylande intelligent, og visste akkurat kva knappar han skulle trykkja på for å dra folk ned. 

Guffen tilrår. 

Meir The Doors på kulturguffebloggen
The Doors (film, 1991)
Ray Manzarek: Light My Fire (1998)
When You're Strange (film, 2009)
John Densmore: The Doors Unhinged (2013)

28. oktober 2024

John Temple: Up in Arms (2019)

Det går galne vegen med USA, av mange grunnar. Noko av det som gjer at landet vert brote ned innanfrå er den sterkt utbreidde skepsisen til styresmaktene. Mange føler at dei ikkje får bestemma nok, og av og til går det gale. Denne boka handlar om to slike hendingar, og Bundy-familien står sentralt i begge.

Bundy-familien dreiv ein stor gard i Nevada. Dyra deira beitte på føderalt land, altså land eigd av styresmaktene. Dei hadde i årevis betalt leige for dette, men vart gradvis overtydde om dette var eit brot på den heilage skrifta, altså den amerikanske grunnlova. Der står det noko om at styresmaktene berre kan eiga land knytt til skular og sjukehus og slikt, den såkalla "Enclave Clause". (Dei såg, snedig nok, vekk frå "The Property Clause" i det same dokumentet, som sa at den føderale staten kunne eiga kva land dei ville.) Bundyane meinte altså at styresmaktene braut si eiga grunnlov, og nekta å betala. I 2014 svara styresmaktene med å fjerna dyra til Bundy, som på si side la ut rop om hjelp på nettet. Mange svara. Det vart nesten skyting, men berre nesten. 

Dette førte til at fleire slutta seg til militsar, og neste gong gjekk det gale: Ein liknande episode i Oregon nokre år seinare. Mange milits-medlemmer mobiliserte, men der var aksjonen annleis, av di familien som eigde dyra ikkje ville ha noko stor protest. Milits-medlemmene, som vart leia av Ammon Bundy, okkuperte bygningar på eit statleg naturreservat. FBI og statspolitiet overvaka dei, og ein gong alle leiarane var på køyretur vart dei stoppa. Det vart litt skyting, og ein av okkupantane vart drepen i det han prøvde å få fram våpenet sitt.

Det er skremmande å lesa om dette. Dei kler seg som cowboyar, dei oppfører seg som cowboyar, og sjølv om nokre av dei verkar rimeleg oppegåande, er det mange reine deigar. Dette skjer altså medan Obama er president, og fleire gonger vert regjeringa hans omtalt som fascistar. Dei som seier dette har høgst truleg røysta på fascisten Trump to gonger, og kjem til å gjera det igjen neste veke. Boka er velskriven og byggjer på samtalar med mange av dei involverte. Og det er òg skremmande - dei står fram med aldeles ekstreme syn, men kvir seg ikkje for det. Det ekstreme er vorte normalt.

Guffen tilrår. 

27. oktober 2024

Don DeLillo: Players (1977)

Denne romanen handlar vel om litt av kvart. Dei to som må reknast som hovudpersonane er paret Lyle og Pammy. Dei bur på Manhatten, dei får ikkje så mykje ut av jobbane sine. For å krydra liva sine har dei bra med sex, både med kvarandre og andre. 

Ein mann vert drepen på kontoret der Lyle jobbar, og dei to prøver å finna ut kva som eigentleg skjedde der. Dei rotar seg inn i noko som minner om eit kriminelt nettverk. Dei kjem òg i kontakt med nokon som arbeider mot dette nettverket, og minst ein av kontaktane deira der er ein dobbelt-agent.

Eg er fullt klar over at referatet over er litt omtrentleg. Det er ein uventa livlaus roman, der det tidvis var vanskeleg å vera interessert nok til at eg fekk med meg alt som skjedde. Framdrifta er tung, historia vert ikkje godt fortalt, det som truleg skal vera humor er ikkje morosamt, osb.

Guffen kan ikkje tilrå dette. 

Meir DeLillo på kulturguffebloggen
Americana (1971)
End Zone (1972)
Great Jones Street (1973)
The Silence (2020)

26. oktober 2024

Jann S. Wenner: The Masters (2023)

Dette har eg sikkert sagt før: Eg har aldri vore nokon fast lesar av det amerikanske musikk-bladet Rolling Stone. Eg er likevel ikkje ukjend med bladet, og i nittiåra, då eg studerte i Bergen, bladde eg ofte gjennom det viss eg var innom biblioteket. Mykje av det som stod der var uinteressant, men eg likte korleis bladet ofte hadde lange intervju med musikantar (eller andre). 

I denne boka har Wenner, som grunnla Rolling Stone i 1967 og som framleis er knytt til bladet, samla åtte av intervjua han sjølv gjorde. Det er nærliggjande å tru at han har plukka ut intervju med artistar han sjølv likar, og det er den store veikskapen med denne boka. Nokre av intervjua er lite interessante og lesbare. At Wenner er oppteken av seg sjølv gjer det ikkje betre, i fleire av intervju-innleiingane skriv han om korleis han reknar t.d. Mick Jagger som ein nær ven. Og det er rart at når han plukkar ut åtte favorittintervju, er to av intervjua med Bob Dylan.

Kort fortalt: Pete Townshend, 1968: Sånn passeleg interessant. Dylan, 1969: Keisamt. John Lennon, 1970: Glimrande. Jerry Garcia, 1972: Interessant. Jagger, 1995: Middels. Bono, 2005: Huff. Dylan, 2007: Keisamt. Bruce Springsteen, 2023: Bra.

Guffen er lunken. 

Relatert på kulturguffebloggen
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Jann Wenner og Joe Levy (red.): The Rolling Stone Interviews (2007)
Joe Hagen: Sticky Fingers (2017)

22. oktober 2024

Micajah Henley: Sandinista! (2024)

The Clash var enormt produktive ved inngangen til 1980-åra. I desember 1979 gav dei ut dobbel-LPen London Calling, og eitt år seinare gav dei ut Sandinista!, som var eit trippel-album med 36 songar. Eg høyrde mykje på The Clash på den tida, og var vel både begeistra og skeptisk til den store variasjonen i platene deira. På London Calling var det greitt, der er dei fleste songane vellukka, men på Sandinista! vart det litt i meste laget. Mange songar var ikkje gode nok, og det vart litt for mange sjangrar. Det var ei vanleg oppfatning på den tida at dei burde avgrensa seg til ein enkel-LP, i verste fall ein dobbel-LP.

Og akkurat det synet er utgangspunktet for Henley. Då plata kom ut laga plateselskapet den reduserte utgåva Sandinista Now!, ein enkel LP med tolv utvalde spor som dei sende ut til radiostasjonar og slikt. Han skriv om den, og konkluderer med at denne promo-plata er mindre vellukka enn trippel-LPen. Han har skrive godt om dei tolv utvalde songane; i dei neste kapitla skriv han godt om dei andre tjuefire songane. Konklusjonen hans er altså at trippel-LPen er den mest vellukka, men det er ein rar konklusjon: Om svært mange av songane har han skrive at dei ikkje fungerer. Kanskje han er så stor blodfan at han ikkje greier å sjå at bandet tok seg vatn over hovudet her. Eg høyrde gjennom heile plata medan eg las boka, og det er påfallande korleis kvar av dei seks LP-sidene vert dårlegare og dårlegare. Den fyrste er svært god; den siste er bortkasta. 

Boka sluttar med at ni personar har fått plukka ut spor frå Sandinista! til ein enkel-LP. Det verkar altså litt som om Henley støttar tanken om at det hadde vore ein god idé.

Guffen tilrår.

Meir The Clash på kulturguffebloggen
Bob Gruen: The Clash (2002)
Marcus Gray: Route 19 revisited. The Clash and the making of London Calling (2011)
Frode Grytten: Brenn huset ned (2013)

20. oktober 2024

Arild Torvund Olsen: Slagersong og svartmetall (2024)

Denne boka presenterer eit utval høgdepunkt frå den nynorske songskatten. Krava til å koma med er greie: Tekstane må vera på normert nynorsk, og songane må vera utgjevne på vinyl. 

Mange av artistane er frå nynorsk-område, og dei bruker sitt eige språk. Men der er òg unntak. Alle veit at nynorsk er fint i dikt, og i den norske visebylgja i 1970-åra var det vanleg med tekstar på nynorsk. Boka viser dette, og skriv til dømes om Lillebjørn Nilsen, Åse Kleveland og Lars Klevstrand. Tittelen på boka fortel òg at nynorsk vart brukt av fleire svartmetall-band.

Boka er fint lagt opp. Etter ei innleiing om kvart tiår frå 1950-åra får kvar song eller plate ei dobbelside. Den venstre sida er brukt til illustrasjonar, medan den høgre er tekstsida. Noko av det som imponerer mest med boka er variasjonen i tekstane, og korleis Torvund Olsen bruker den avgrensa, faste tekstlengda til å både fortelja om artistane, om teksten, og om små og store moro-fakta. Ei fin bok.

Guffen tilrår. 

16. oktober 2024

Mark Volman og John Cody: Happy Forever (2023)

"Happy Together" er ein av desse poplåtane som er bortimot perfekt. Eg-personen syng om ei jente han (truleg) ikkje får, songen har eit fabelaktig refreng, og det heile er sjølvsagt over på under tre minutt. Songen vart gitt ut av The Turtles i 1967 og vart ein rimeleg stor slager. Og det er omtrent alt eg veit om det bandet.

Eller visste. Etter denne boka veit eg mykje meir. Mark Volman, som står sentralt i denne boka, laga seinare duoen Flo & Eddie med Howard Kaylan frå The Turtles. Dei var begge strålande vokalistar, med røyster som stod godt til kvarandre. Dei var showmenn, som det heiter, og laga liv og moro for alle som høyrde dei. Det var litt uventa at dei var med i bandet til Frank Zappa i nokre år, og omtrent like uventa at dei var med i T.Rex nokre år. Volman gjekk etter kvart tilbake til skulen, tok ei utdanning og fekk seg arbeid på eit universitet. Han slutta aldri som musikar, og held visst jamleg konsertar framleis.

Det er altså ei innhaldsrik historie, men det kunne vore presentert på ein langt betre måte. Ein ting er at boka er bygd opp av sitat frå andre, slik at Volman sjeldan kjem til orde sjølv. Ein annan ting er at det er altfor, altfor mange andre som kjem til orde, og ofte snakkar dei om ting som i beste fall kan kallast fornuftige sidespor. Den gode boka som kanskje er her ein eller annan stad druknar i alle utsegnene.

Guffen er lunken.

15. oktober 2024

Kyrre Andreassen: Ikke mennesker jeg kan regne med (2024)

Det går nokre år mellom kvar roman frå Andreassen, men bøkene er vel verdt å venta på. Me er vel i det same geografiske området me vanlegvis er i, ei bygd på den andre sida av vasskiljet, men denne gongen er forteljaren ei kvinne, Linda Hansen. 

Boka opnar med at Svein seier at han ikkje vil bu saman med Linda meir.  Dei har budd saman i meir enn tjue år, og det verkar som om det kjem heilt ut av det blå. Gjennom boka fortel Linda mest om det som har skjedd før, og det vert etter kvart tydeleg at brotet burde ha skjedd for lenge sidan, og at det truleg var Linda som burde gått frå han. Ho verkar litt tiltakslaust, noko som kanskje kjem tydelegast fram i at ho aldri flytta til Bergen for å studera juss, men i staden budde saman med den ikkje altfor avanserte Svein. 

Samstundes er ho ikkje ein altfor truverdig forteljar. Når ho gjer galne ting, og det gjer ho fleire gonger, avfeier ho det omtrent som bagatellar. Alt skuldast Svein, og han fortener det ho gjer mot han. Men det ho mest av alt er, er ein underhaldande forteljar. Ho strør om seg med friske (og ofte nedsetjande) omtalar av dei andre i bygda. Kopla saman med det sikre språket til Andreassen vert dette ei fin lesestund.

Guffen tilrår. 

Meir Andreassen på kulturguffebloggen
Svendsens Catering (2006)
For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges
 (2016)

10. oktober 2024

Drømmer (2024)

Endå ein flott film av Dag Johan Haugerud. Filmen er den andre i ein (tematisk) trilogi, der alle filmane vert lanserte i løpet av eit år. Eg har ikkje sett den fyrste, men det må eg få ordna ein eller annan gong.

Det handlar om 17 år gamle Johanne. Ho vert forelska i Johanna, ein av lærarane hennar. Dette er den fyrste sterke forelskinga hennar, og til slutt tek ho mot til seg og bankar på heime hjå Johanna. Etter sju besøk bryt Johanna kontakten, og for å bøta på sorga skriv Johanne ned alt som hende. Ho viser den lange teksten til mormora, seinare til mora, og etter kvart til forlagsredaktøren til mormora. Det vert bok av det.

Kva som eigentleg hende då dei to var saman er uklart. Tittelen på filmen kan tolkast som at dette berre var noko Johanne drøymde at skulle skje. Filmen sluttar med at ho vitjar ein psykolog, og han seier at no er timen slutt, dei har snakka i ein og ein halv time. Aslak (19) meinte at filmen eigentleg berre er ei visualisering av dei Johannes har fortalt psykologen dei nitti minutta, og det er ikkje ei urimeleg tolking. Gjennom heile filmen er Johanne ofte innom som kommentator, og det er (omtrent) heile tida hennar versjon me får.

Det er altså solide greier. Dialogane er gode, og det er artig korleis kameraet ikkje er så oppteke av kven som snakkar - dei kan godt stå utanfor lerretet. Og dansescena i trappa er fabelaktig flott.

Guffen tilrår. 

Meir Haugerud på kulturguffebloggen
Den som er veldig sterk, må også være veldig snill (roman, 2002)
Thomas Hylland Eriksen og origamijenta (film, 2005)
Hva jeg betyr (roman, 2011)
Som du ser meg (film, 2012)
Enkle atonale stykker for barn (roman, 2016)
Barn (film, 2019)
Lyset fra sjokoladefabrikken (film, 2020)
Kjærlighet (film, 2024)

8. oktober 2024

Jack Fairweather: The Volunteer (2019)

Historia er nesten for god til å vera sann: Witold Pilecki var soldat i den polske hæren og kjempa mot Tyskland i september 1939. Etter at Polen kapitulerte vart dei polske soldatane beordra til å flykta til Frankrike, men Pilecki var ein av dei som nekta. Han vart att i Polen, der han var med på å dra i gang ein motstandskamp. Han kom på kant med den andre leiaren, Wlodarkiewicz. Dei høyrde rykte om at fangane i Auschwitz vart handsama dårleg, og vart samde om at dei burde senda ein av sine inn der. Wlodarkiewicz meinte at Pilecki var den beste, og etter nokre dagar var han ovetydd: Han melde seg frivillig til å verta sett inn i Auschwitz (rett nok under falskt namn).

Han skjøna sjølvsagt fort kva han hadde gjeve seg ut på, men vart verande, ut frå ein merkeleg tanke om at det var det beste for landet. Han greidde å senda (munnlege) rapportar ut med dei som fekk fri, og han oppmoda heile tida om at dei allierte måtte bomba Auschwitz. Fleire og fleire vart drepne, det kom etter kvart toglaster med jødar, osb, og Pilecki sende ut fleire rapportar. Ingenting skjedde, og etter kvart greidde han å rømma. Resten av krigen var han med i motstandskampen. Sovjetunionen okkuperte Polen, men heller ikkje då ville han flykta. Han vart teken til fange av okkupantane, som drap han.

Det er ei utruleg historie, som vert fortalt på ein ryddig og god måte. Etter krigen skreiv han ned livssoga si, og det manuskriptet er sjølvsagt hovudkjelda i boka. Men Fairweather bruker ei rekkje andre kjelder, og tek oss med inn i Auschwitz, der det sjølvsagt aldri var spesielt trygt.

Guffen tilrår. 

3. oktober 2024

Robert D. Putnam: Our Kids (2015)

Dette var vel ikkje den lystigaste boka eg har lese. Undertittelen på boka er "The American Dream In Crisis", og innhaldet viser at det stemmer: Putnam viser at USA er eit klassesamfunn, der dei rike har det bra og der dei fattige ikkje har så stor sjanse for at ting skal verta betre.

USA har aldri vore the land of opportunities for alle, men ein skal ikkje langt tilbake i tid før det var langt lettare å gjera ei god karriere sjølv om du kom frå fattige kår. I dag vert mykje bestemt av kva del av byen du veks opp i. Er du frå den rette sida av jernbanen eller elva går du på gode skular, får god hjelp av foreldra dine, er med på mange aktivitetar utanfor skulen, har eit godt kosthald, osb. Er du frå den andre sida er det omvendt.

Putnam skriv om korleis familien, foreldra, skulen og nærsamfunnet kan vera viktige. Kvart kapittel opnar med at han presenterer ungdommar frå ulike byar i USA, og altså frå ulike bydelar i desse byane. Han underbyggjer funna sine med grafar, og dei er kanskje det mest skremmande: Skiljet mellom fattig og rik vert berre større og større. Og han strekar ofte under at dette skiljet er viktigare enn skiljet mellom ulike hudfargar.

Er det håp? Nja. Boka sluttar med eit kapittel om kva som kan gjerast, men alle løysingane verkar meir optimistiske enn overtydande. Det går galne vegen.

Guffen tilrår.