22. oktober 2012

Neil Young: Waging Heavy Peace (2012)

Eg får eigentleg meir og meir sans for platene til Neil Young. Ikkje alle, sjølvsagt, det har vel ingen, men fram til midten av 70-åra er det mykje bra, og der kjem òg nokre lyspunkt frå 1990 og framover. No er han gamlare og skralare. Etter å ha vore rusfri i bortimot eitt år, og opplevd at han ikkje greier å skriva ein einaste song, skriv han like godt ei bok om livet sitt.

Det er ei fin bok. Nokon sjølvbiografi er det ikkje, det er nok rettare å kalla det ei minnebok. Boka er aldeles ukronologisk, han ser ut til å ha skrive boka etter innfallsmetoden. Nokre kapittel er lagde til samtida, der han fortel om møte og anna han er med på. Men frå denne samtida hoppar han til ulike stader i livet sitt, tilsynelatande heilt vilkårleg. Kva vil eg skriva om i dag? Og der mange andre ville gjort om på rekkjefølgja seinare i skriveprosessen, har han latt kapitla stå i tilfeldig rekkjefølgje. Slik er det jo, når me snakkar med folk. Samtalen hoppar att og fram i tid, og det er i det heile eit munnleg preg over det han skriv. Han skriv ikkje om alle platene sine, mykje om det han skriv om vert ikkje plassert i tid, men boka gjev eit godt bilete av kva Young er oppteken av.

Han snakkar mykje om teknologi. Han fortel om togbanen sin, han fortel om korleis han er involvert i utprøving av sterkare motorar i elektriske bilar, og han skriv mykje om korleis kvaliteten på digitale lydfiler er så dårleg. Han prøver å finna betre løysingar, og fortel mykje om eit produkt han er med på å utvikla, som vil gjera lyden langt betre. Og han skriv mykje om musikk. Han får godt fram kva han søkjer i musikken sin, korleis han lengtar etter å finna den staden der det svingar mest, der han nærmast forsvinn inn i musikken. Helst vil han gjera det saman med Crazy Horse, men han nemner mange andre han har samarbeidd med.

Det er kanskje der boka er aller finast, når han skriv varmt om musikarar og andre som har stått han nær. Der, og når han skriv om korleis han opplever naturen.

Guffen tilrår.

Meir Neil Young på kulturguffebloggen
Durchholz og Graff: Neil Young. Long May You Run (2010)
Koengen, Bergen (1.8.2014)
Special Deluxe (2014)
Sharry Wilson: Young Neil (2014)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar