7. oktober 2012

Valkyrie (2008)

Oberst Claus von Stauffenberg kunne vorte ein av dei største heltane i den andre verdskrigen. Han var djupt usamd i korleis Hitler styrte riket, og meinte at den einaste måten ein kunne berga Tyskland på, var å ta livet av Hitler. Samstundes skulle han vera med på å ta makta i landet, og deretter få i gang fredsforhandlingar med dei allierte.

Det gjekk nesten bra. I juli 1944 sette Stauffenberg frå seg ein koffert i eit møterom der Hitler var. Bomba i kofferten eksploderte, men to tilfeldigheitar redda livet til Hitler. Møtet var flytta frå ein bunker til eit vanleg møterom, slik at mykje av trykket frå bomba forsvann ut gjennom dei opne vindauga. Dessutan vart kofferten flytt litt lengre vekk frå Hitler av ein av dei andre som var på møtet. Stauffenberg kom seg attende til Berlin, men kuppforsøket vart raskt slått ned, og han vart avretta dagen etter.

Filmen fortel denne historia på ein altfor tradisjonell måte. Eg kjende historia frå før, men likevel: Det var aldeles opplagt kva som kom til å skje. Det vert rett nok ikkje vist noko frå møterommet etter at bomba gjekk av, slik at det i filmen verkar som om Hitler vart drepen, men ein skal vera relativt lite oppegåande for å ikkje vita at Hitler levde heilt til nokre dagar før krigen var over. Der finst ikkje noko overraskande i filmen, og når ikkje eingong skodespelet er noko å skryta av, slit eg nesten med å forstå kvifor eg sat oppe utover natta og såg på.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar