14. juni 2011

Frå arkivet: Fugazi: Fugazi (1988)

Eg las nyleg Our Band Could Be Your Life, ei fin bok om amerikansk undergrunnsmusikk i 80-åra. Der skriv forfattaren mellom anna mykje og godt om Fugazi, som eg høyrde mykje på rundt 1990. One thing led to another osb.

Eg er som vanleg ikkje heilt sikker, men eg trur eg var på konsert med dei før eg høyrde dei på plate. Fugazi er frå Washington DC. Dina budde litt utanfor byen, men var ofte på konsertar der. Eg trur eg såg dei fyrste gong våren 1989, og likte det eg såg. Eg hadde sikkert fått ei kort innføring i kven som var med, med det var stort sett berre namn for meg. At den eine av vokalistane hadde vore med i Minor Threat var for meg berre ei nyttig opplysning, eg hadde aldri noko forhold til det bandet.

Dette var uansett noko heilt anna. Der Minor Threat var rein aggresjon, var musikken til Fugazi langt meir samansett. Her er sinte gitarar og tidvis sint synging, men slettes ikkje alltid. Og under og rundt vokal og gitar dansar ein lettbeint og lystig bass, som saman med nokre trommer som er langt meir varierte enn vanleg var i punken gjev musikken eit anna og meir spanande fundament.

Slik er det òg på denne plata, den fyrste dei gav ut. Her er berre sju songar, på den neste var det berre seks, og dei vart seinare utgitt som ein samle-CD. Opningssporet er den beste songen dei nokon gong gav ut, "Waiting Room". Det opnar med ein leikande bass, trommene kjem inn, gitarane kjem inn, og så stoppar det berre. Heilt. Fire-fem sekund utan lyd, og så er det i gang for alvor. Kva eller kven Ian MacKaye ventar på seier seg ikkje sjølv, eg trur han har sagt at det handlar om tida etter Minor Threat, der han venta på å koma inn i eit nytt band, men er slettes ikkje sikker.

Det er klarare kva to av dei andre store høgdepunkta på plata handlar om. I "Give Me the Cure" er eg-personen ein AIDS-sjuk mann som ventar på ein medisin. Han treng ikkje vita kvifor eller kvar sjukdomen kom frå, han vil heller ha ein medisin. "A Reason? Good God, I don't need a Reason". I "Suggestion" er eg-personen ei kvinne som gjerne vil gå gjennom gatene utan at alle menn vurderer ho fysisk. Det er rimeleg effektfullt i utgangspunktet, altså at ein sterk og sint vokalist skrik desse orda ut, men det var endå sterkare å høyra songen på ein konsert med kvinneleg gjestevokalist.

Det er av og til på nippet til å vera overtydeleg, og plata kan kanskje verka som ei lærebok i korleis Fugazi meiner at ein skal leva livet sitt. Sjølv har eg ikkje noko problem med det, dei har fornuftige meiningar, og av og til kan det vera greitt å vera overtydeleg. Det kjem jo litt an på kva publikum ein har, og på den tida kunne mange punk-konsertar framleis vera valdelege.

Kva skjedde etterpå? "Fugazi" la grunnlaget for suksessen til Fugazi. Dei vart (og var) eit viktig band, der dei stod for gode haldningar som vart spreidd til svært mange. I boka eg nemnde over står det at dei har selt over to millionar plater, og det var altså for ti år sidan. Denne plata er den beste dei gav ut, nærmast kjem dei på "Repeater" (1990). Dei turnerte over heile verda, og gav ut plater gjennom heile 90-åra. Den siste kom i 2001, og bandet har hatt pause sidan 2003.

Guffen tilrår.

Meir Fugazi på kulturguffebloggen:
Glen E. Friedman: Keep Your Eyes Open (2007)
Michael Azzerad: Our Band Could Be Your Life (2001)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar