3. juni 2026

Siri Hustvedt: Ghost Stories. A Memoir (2026)

For ei flott bok. Siri Hustvedt var gift med Paul Auster frå 1982 til han døydde i 2024. Begge er/var store forfattarar, og heimen deira var eit slags amerikansk Midtbø - ein heim der det aller meste handla om litteratur. Midtbø var, som alle veit, heimen til Tarjei og Halldis Moren Vesaas, og også i det ekteskapet var det mannen som døydde fyrst. Dei to minnebøkene Halldis Moren Vesaas skreiv om samlivet deira er store, men dei kan ikkje måla seg med denne. 

Det handlar mykje om tap og sorg, sjølvsagt, men det handlar òg mykje om gleda over å ha hatt eit så godt (sam)liv. Ho skriv at sjølv om ho saknar ektemannen, er det dei to i lag ho saknar mest. Dei budde saman i førti år og hadde sjølvsagt utvikla eit stort lager av felles referansar. No er ho åleine, og ho har ingen å dela desse referansane med.

Det er ærleg og utleverande. Ho skriv fritt om korleis sonen til Auster, Daniel, sleit mykje med eitt og hitt, korleis han vart dømt etter at den ti månader gamle dottera hans vart funnen død, og korleis han sjølv døydde av ein overdose ein månad seinare. Det var omtrent då Hustvedt forstod kor kjende dei to var - dei vart kontakta av media frå heile verda. Og eg tenkte at det er ironisk at Auster, som har skrive veldig mykje om fråverande fedre, sjølv opplevde at han mista kontakten med sonen sin. 

Av og til er det på grensa til å verta for privat, men Hustvedt greier å gjera det heile meir ålment. Det handlar ikkje berre om tapet av ektemannen hennar, det handlar om tap. Det er velskrive, alvorleg, og somme tider så rørande at det var uråd å halda tårene vekke.

Guffen tilrår. 

Meir Hustvedt på kulturguffebloggen
The Blindfold (1992)
The Enchantment of Lily Dahl (1996)
Yonder (1998)
What I Loved (2003)
The Sorrows of an American (2008)
The Summer Without Men (2011)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen, 2.2.13)
The Blazing World (2014)
Memories of the Future (2019)

Meir Auster på kulturguffebloggen
The Invention of Solitude (1982)
Paul Benjamin: Squeeze Play (1984)
The New York Trilogy (1987)
In the Country of Last Things (1987)
Moon Palace (1989)
The Music of Change (1990)
Leviathan (1992)
Mr. Vertigo (1994)
Smoke (film, 1995)
Timbuktu (1999)
True Tales of American Life (redaktør, 2001)

The Book of Illusions (2002)
Oracle Night (2003)
Auster, Karasik og Mazzucchelli: City of Glass (teikneserie, 2004)
Auggie Wren's Christmas Story (2004)
The Brooklyn Follies (2005)
Travels in the Scriptorium (2006)
The Inner Life of Martin Frost (2007)
Man in the Dark (2008)
Invisible (2009)
Sunset Park (2010)
Winter Journal (2012)
Paul Auster og Siri Hustvedt (Bergen 2.2.13)
Auster and Coetzee: Here and Now (2013)
Report from the Interior (2013)
4 3 2 1 (2017)
A Life in Words. Conversations with I.B. Siegumfeldt (2017)
Talking to Strangers (2019)
Groundwork (2020)
Baumgartner (2023)
Bloodbath Nation (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar