22. september 2018

Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone. New Light on an Old Riddle (1968)

Eg repeterer litt igjen: I 1898 fann svensk-amerikanaren Olof Öhman ein stein med runeinnskrift då han rydda nytt land på farmen sin nær Kensington i Minnesota. Innskrifta vart avvist som falsk. Hjalmar Holand fekk høyra om steinen i 1907, og fram til han døydde i 1960-åra arbeidde han for å få folk til å tru på det innskrifta fortalde. Han skreiv mange artiklar om steinen, og gav ut ei bok i 1932. Han fekk svar, så hatten passa og vel så det, då professor Erik Wahlgren gav ut ei bok i 1958. Holand stod på sitt i ei bok som kom i 1962.

I 1968 gav Theodore Blegen ut denne boka. Blegen døydde året etter, 78 år gamal, og hadde arbeidd med det norske Amerika heile yrkeslivet. Blegen var professor i historie, og var involvert i Norwegian-American Historical Association, der han i 1925 vart den fyrste redaktøren, og i Minnesota Historical Society.

Til liks med Wahlgren slaktar også Blegen bøkene til Holand. Han gjer det på ein langt lunare måte, men viser i eit stillferdig språk at Holand ikkje har reint mjøl i posen. Holand motseier seg sjølv så mange gonger, og legg ikkje fram fakta som kan rokka ved korthuset hans. Blegen er langt meir profesjonell, han dokumenterer heile tida det han skriv om. Holand skriv at Öhman var ein heilt vanleg gardbrukar; Blegen viser at han las mykje, og hadde store kunnskapar. Holand skriv at ingen i Minnesota kunne lesa runer; Blegen viser at dei fyrste månadene etter at innskrifta vart gjort kjent i ei amerikansk avis kom det tre så godt som korrekte tolkingar av innskrifta, frå utvandra skandinavar som var heilt vanlege farmarar. Blegen bruker eit heilt kapittel på å plukka skrivinga til Holand frå kvarandre. Han går langt i å seia at Öhman var med på å laga innskrifta, truleg saman med Sven Fogelblad, ein prest/lærar som hadde mykje med Öhman å gjera.

Blegen oppsummerer det heile greitt: "It matters little what one individual's opinion is on the question of authenticity. What matters is the sum total of historical, runological, and archeological evidence. The total on the runological and historical side is, in my judgment, conclusive. The inscription is a fake. The evidence points to a hoax, with Olof Öhman as the principal originator".

Det har kome fleire bøker om steinen etter denne. Nokre er kuriøse, andre gjev seg ut for å vera meir seriøse. Det har likevel ikkje kome fram noko som gjer at fagfolk seier seg usamde med Blegen. Tvert imot - Blegen sluttar boka med å fortelja om nokre opptak han har høyrt om, men ikkje høyrt. Dei opptaka er i dag tilgjengelege, og der fortel son til John Gran, ein av naboane til Öhman, at faren fortalde at han og Öhman hadde hogd inn innskrifta. Det stemmer bra med at innskrifta er laga av to hoggarar - ein høgrehendt og ein venstrehendt.

Steinen er i dag stilt ut i eit museum i Kensington, og ved ein av vegane inn til den småbyen står det ein modell av steinen. I hovudgata i byen står det ei vikingstatue, med eit skjold der Kensington vert omtala som "Birthplace of America". Den korte teksten seier i grunnen alt om kvifor steinen var viktig for Holand, og kvifor han framleis er viktig for mange norsk-amerikanarar. Steinen fortel dei at dei var der fyrst.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Ole E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar