17. september 2018

The Radical Story of Patty Hearst (2018)

William Randolph Hearst var ein av dei rikaste i heile Amerika. Livet hans var inspirasjon for filmen Citizen Kane. Patty Hearst var barnebarnet hans, og ho vart i 1974 kidnappa av den valdelege og radikale gruppa SLA, Symbionese Liberation Army. Det var ei kidnapping som dominerte amerikansk media, og dramaet vart ikkje mindre etter at det vart kjent at Hearst hadde skifta side, og gått over til SLA. Ho var med på bankran, ho var med på fleire biltjuveri (og liknande), ho laga bilbomber, og ho fyrte laus med eit automatvåpen på ei gate i Los Angeles, for å hjelpa ein annan i SLA.

Ho hadde mange sjansar til å rømma, men vart verande i gruppa heilt til dei vart tekne av politiet. Etter ei kort tid i fengsel skifta ho side att, og påstod at ho var tvinga til å vera med, at ho hadde vorte valdteken, og at ho måtte vera hjernevaska.

Det er dette denne serien handlar om. Det er ein fin serie, der det kan løna seg å vera kritisk til mykje av det som vert sagt. Mange av dei involverte vert intervjua, og spesielt William Harris, ein av leiarane i SLA, seier mykje rart. Han var ikkje med på det verste, han gjorde det han kunne for å opptre høvisk, og så bortetter. Han er òg ekstremt oppteken av at grunnen til at Hearst gjekk relativt fort fri etter at ho vart arrestert var at familien hennar trekte i ein del trådar, men akkurat der ser det ut til at han hadde rett.

Serien er godt laga, men fin veksling mellom nye intervju, gamle nyheitsinnslag og filmar, og dramatiserte hendingar frå 1974 og frametter.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar