Viser innlegg med etiketten Hitchcock. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hitchcock. Vis alle innlegg

8. august 2020

Vertigo (1958)

Denne filmen har eg sett før, men fekk lyst til å sjå han igjen etter at eg las at filmen for nokre år sidan vart kåra til den beste gjennom tidene. Slike kåringar er det mange filmar som har vunne, men det overraska meg likevel at denne gjekk heilt til topps. Det er ein fin film, men det finst mange filmar som er betre.

Hovudpersonen, John Ferguson, har slutta i politiet etter at han har utvikla ei slitsam form for svimling. Ein skulekamerat han ikkje har sett på mange tiår tek kontakt, og seier at kona hans oppfører seg rart. Ho trur at ho levde for meir enn hundre år sidan, og han bed Ferguson spionera på ho, for å finna ut kva ho gjer dagen lang. Det gjer Ferguson, og han vert overtydd om at det faktisk stemmer. Kona til skulekameraten trur at ho er Carlotta Valdes, kler seg som ho, vitjar stadar ho budde, og prøver å ta livet av seg der Valdes gjorde det. Ferguson får stoppa det ein gong, men neste gong går det gale.

Filmen er laga av Alfred Hitchcock, slik at det kjem sjølvsagt nokre uventa vendingar. Filmen kan kanskje verka stilleståande av og til, men er her heile tida ei nerve, noko som ikkje minst skuldast James Stewart. Han spelar Ferguson, og leverer som vanleg ein svært sterk prestasjon.

Guffen tilrår.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

20. september 2018

The Man Who Knew Too much (1956)

Det er ikkje den beste Hitchcock-filmen eg har sett, men når han får med seg James Stewart er det jo automatisk ein film det er verd å sjå.

Stewart spelar ein dokter som ferierer i Marokko, saman med kona Jo og sonen Hank. Hank vert kidnappa, om lag samstundes som ein mann dei møtte dagen før vart drepen framfor augene deira. Før han døyr kviskrar han at nokon skal drepast, og at dei bør finna Ambrose Chapel i London. Dei dreg dit, og skjønar at ein ambassadør skal drepast under ein konsert i Royal Albert Hall. Saman greier dei å unngå at han vert drepen, og under ein fest i ambassaden same kveld avslører dei kven som prøvde å drepa han, før dei finn Hank i andre etasje.

Filmen er ei ny-innspeling av ein film Hitchcock laga tjue år tidlegare. Svært originalt er ikkje dette, den einaste scena som minner om dei store Hitchcock-filmane er konserten i Royal Albert Hall. Me veit at noko skal skje ved eit visst punkt i konserten, men veit ikkje når det kjem. Me ser dei tre aktørane - ambassadøren, den potensielle mordaren, og Jo - men veit altså ikkje når noko skjer, og korleis det vil gå.

Guffen er lunken.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
Vertigo (1958)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

13. desember 2013

Dial M for Murder (1954)

Det finst verre tidtrøyte enn å sjå Hitchcock-filmar.

Tony Wendice har funne ut at kona Margot har eit forhold til Mark Halliday. Han legg ein snedig plan for å få teke livet av henne, ein plan som involverer Swann, ein studiekamerat han ikkje har sett på tjue år. Planen er at Swann skal låsa seg inn og ta livet av Margot ein kveld Wendice er ute med Halliday. Det går ikkje heilt etter planen, i eit desperat sjølvforsvar greier Margot å ta livet av Swann, men då Wendice kjem heim greier han å manipulera det som finst av gjenstandar i rommet, slik at når politiet kjem, legg dei saman to og to og får minst fem. Margot vert dømd til døden, og livet hennar heng i ein svært tynn tråd.

Filmen er, ikkje uventa, svært godt oppbygd. Me som ser filmen veit heile tida meir enn personane på skjermen, både når det er Wendice som har løyndomar for dei andre, og når politimannen som etterforskar det heile legg ei felle for Wendice. Men sjølv om me veit kva som skjer, er det spaning i filmen, det er jo dette Hitchcock beherskar betre enn dei aller fleste.

Guffen tilrår.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Rear Window (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
Vertigo (1958)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

13. november 2013

The Birds (1963)

Fuglar overalt. Ein ung mann møter ei ung dame i ein fuglebutikk. Han vil kjøpa to dvergpapegøyer til syster si, men går utan å ha handla. Ho sporar han opp, reiser til den vesle heimbyen hans, og leverer to dvergpapegøyer ho har kjøpt. Helga i småbyen vert eit mareritt, der fyrst ho, men seinare heile byen, vert angripne av mannevonde fuglar - duer, sporvar, kråker, osb.

Kvifor fuglane oppfører seg slik kjem absolutt ikkje klart fram. Det vert hinta om at dei reagerer på at dei to dvergpapegøyene er fanga i eit bur, men det er ikkje noko truverdig forklaring på kvifor dei angrip alt og alle, også i nabobyane. For det er verkeleg rabiate fuglar det er snakk om; dei gjer alt dei kan for å angripa menneske, og hakkar seg gjerne gjennom dører for å koma til.

Det vert noko draumeaktig over det heile, det er som eit langvarig mareritt. Den kjensla vert forsterka av at fuglane tidvis er heilt rolege, sjølv om dei framleis er mange. Sluttscena, der fire personar snik seg ut av eit hus før dei køyrer vekk i ein ventande bil, er eit godt døme på det - dei køyrer gjennom eit landskap der tusenvis av fuglar sit heilt roleg.

Guffen er lunken.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
Vertigo (1958)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)

11. desember 2011

Psycho (1960)

VHS-spelaren er altså på veg ut, og eg ser gjennom nokre videofilmar før spelaren tek heilt kvelden. Eg tok med meg fem-seks filmar inn frå gamlahuset i går, og bad Aslak (6) velja film for meg. Interessant nok valde han denne.

Eg har sett filmen før, for lenge sidan. Eg har sans for Hitchcock, men ser ikkje på denne som den beste filmen hans. Det minner for mykje om ein vanleg kriminalfilm, han byggjer ikkje opp den uhygga ein finn i dei beste filmane hans. Kanskje det kjem av at eg har sett han før, men eg trur ikkje det er einaste grunnen.

Filmen er bygd opp rundt fantasiane til Norman Bates, som ikkje har takla at mor hans tok sjølvmord for ti år sidan, og som framleis oppfører seg som om ho var i live. Av og til vert han mor si, han kler seg ut som ho, og snakkar med seg sjølv. Han driv eit motell med få kundar. Marion Crane, ei ung kvinne som har stole 40 000 dollar frå sjefen sin, sjekkar inn på hotellet ei mørk og regnfull natt, og vert drepen av Bates. Syster til Crane hyrer inn ein privatdetektiv, og han finn ut at Crane budde på motellet. Detektiven vert òg drepen, men systera greier, saman med kjærasten til Marion, å overmanna Bates. Filmen sluttar med at ein psykiater forklarar korleis Bates er skrudd saman, og at ein film treng ei slik detaljert forklaring er ikkje eit spesielt godt teikn.

Guffen er lunken.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
Vertigo (1958)
North By Northwest (1959)
The Birds (1963)

25. juni 2011

North by Northwest (1959)

Medan me ventar på meir Mad Men er det vel ikkje anna å gjera enn å leita etter filmar der hovudpersonen er ein språksikker og snartenkt reklamemann. North by Northwest var den einaste filmen eg kom på i farten, og det er ein heilt grei film.

Me ser aldri Roger Thornhill på kontoret. Filmen opnar med at han går derfrå, saman med sekretæren sin, på veg til ein middag med nokre andre. I restauranten skjer det eit lite samantreff som legg premissane for resten av filmen. Ein kelner går rundt i restauranten og etterlyser Mr. Kaplan, og samstundes rekkjer Thornhill opp handa for å få kontakt med ein annan kelner. Ute i gangen står to russiske agentar, som leitar etter Kaplan, og trur at Thornhill signaliserer at han er Kaplan.

Herfrå går det slag i slag. Dei tek han med til eit gods, der han, forståeleg nok, nektar for å vera Kaplan. Dei vil ta livet av han, i ei fingert bilulukke, men han slepp unna, og ligg hakket før dei resten av filmen. På vegen er han innom FN, der han kjem i skade for å verta mistenkt for eit knivdrap, han tek tog til Chicago, og på toget vert han kjend med Eve Kendall. Ho er dobbeltagent, og for å redda livet hennar vert han med ein CIA-agent vidare til Rapid City, dit ho har reist saman med nokre russiske agentar. Han greier å få ho med seg ut av huset deira, og det sluttar med ein slosskamp oppe i Mount Rushmore. På vegen har Thornhill vore i livsfare mange gonger. Den mest fantastiske scena er der han, ute på den endelause prærien, prøver å flykta frå eit småfly.

Filmen er laga av Alfred Hitchcock. Han er suveren på å halda på spenninga, der me veit at noko kjem til å skje, let han det gjerne gå lang tid før det endeleg skjer. Det er solide greier.

Guffen tilrår.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
Rear Window (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
Vertigo (1958)
Psycho (1960)
The Birds (1963)

19. oktober 2010

Rear Window (1954)

James Stewart er ein finfin skodespelar. Han var god her, han var god her, og han er god i denne. Han må ha vore ein av favorittane til Hitchcock, som brukte han i mange av filmane sine.

Stewart spelar ein fotograf med knekt fot. Venstrefoten er gipsa frå topp til tå, og han har site i rullestol i sitt eige husvære i sju veker. For å få tida til å gå kikkar han på naboane, altså dei som bur i bygningen tvers over gardsrommet. Her ser han noko han trur kan ha vore eit mord, og etter som timane går, vert han meir og meir overtydd om at noko har skjedd. Kjærasten hans vert etter kvart like overtydd, men han slit med å få ein detektiv han kjenner til å tru på dette. Den mistenkte mordaren har planlagt det heile for godt. I alle fall heilt til kjærasten til Stewart finn ut at ho vil bryta seg inn hjå han som kanskje er ein mordar. Der finn ho avgjerande prov, og etter at politiet kjem, vedgår den mistenkte mordaren at han er ein mordar.

Hitchcock er suveren på å byggja opp spenninga. Me skjønar gradvis at fotografen må ha rett, men me ser ikkje korleis han skal greia å løysa det. Med eine foten i gips er han nøydd til å halda seg der han er, og heile filmen er filma frå det eine rommet. Mot slutten av filmen kjem mordaren seg inn til han, og det er så vidt han greier seg, slik det skal vera.

Ein ser fyrst og fremst Hitchcock for underhaldninga sin del, og for å nyta godt handverk. Her er det likevel ikkje vanskeleg å fanga opp ei djupare meining. Folk er for nyfikne, folk er nokre kikkarar, eg sit i alle fall att med ei kjensle av at Hitchcock, sjølv om det akkurat her førte til at eit mord vart oppklara, meiner folk bør passa sine eigne saker. Og no, når alle nettaviser er fulle av oppslag om kor mykje folk tener og kor lite dei betalar i skatt, verkar det som om han har eit poeng.

Guffen tilrår.

Meir Hitchcock på kulturguffebloggen
Dial M for Murder (1954)
The Man Who Knew Too Much (1956)
Vertigo (1958)
North By Northwest (1959)
Psycho (1960)
The Birds (1963)