6. november 2012

Helga Flatland: Alle vil hjem. Ingen vil tilbake. (2011)

Eg var innom ein bokhandel i Øystese for nokre veker sidan. Dei reklamerte med stort boksal, og dei heldt det dei lova: Store mengder bøker vart selde for sterkt reduserte prisar, og eg raska med meg heller mange nyare norske bøker. Novellesamlinga til Lars Mæhle, som eg las for nokre dagar sidan, var ei av dei; dette er ei anna. Også denne var verdt bryet.

Boka har tre ulike forteljarar, men to andre personar spelar ei like stor rolle. Tre soldatar frå ei lita bygd har mist livet i Afghanistan. Julie har mist bror sin, Tarjei. Sigurd, som voks opp på nabogarden, har mist den hemmelege kjærasten sin, Trygve. Og Mats, som er kjærasten til Julie, slit med å forstå kvifor Julie glir vekk frå han.

Det handlar generelt mykje om korleis folk snakkar med kvarandre. Eller rettare, korleis dei ikkje snakkar med kvarandre. Julie er ekstrem på det feltet, ho hadde halde familien sin skjult for Mats alt før broren miste livet. Etter at det skjer prøver ho å driva garden ho har odelsrett til, men som faren heile tida ville at Tarjei skulle ha. Ho og broren hadde snakka med kvarandre om dette, men dei tok det aldri opp med faren. Ho flyttar etter kvart attende til Mats i Oslo, men reiser heim på jolefeire, og merkar at faren har neglisjert gardsdrifta totalt. Ho forklarar ikkje dette til Mats; ho seier berre at ho må vera der lenger. Han forstår ikkje dette, men for ho er det vanskelegare å snakka om ting enn å forklara alt som har skjedd.

Sigurd har det omtrent like gale, han snakkar omtrent berre med Trygve, også etter at han har vore død i meir enn eit år. Han er altså heller ustabil, og det same gjeld faren til Julie. Begge treng hjelp, og får det, men dei må altså ha hjelp for å greia å få ut det som boblar inne i det.

Guffen tilrår.

Meir Flatland på kulturguffebloggen
Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010)
Det finnes ingen helhet (2013)
Vingebelastning (2015)
En moderne familie (2017)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar