3. mai 2010

1900 (1976)

Hm. Det verka som ein god idé, der eg stod i butikken. Eg såg denne filmen i filmklubben på Voss midt i 80-åra, og hugsa det som ein god film. Slik opplevde eg det ikkje no. Filmen varer like godt i fem timar, og det verka som det dobbelte.

I filmen møter me to gutar som vert fødde på same dag i 1900. Dei vert fødde på same garden, men den eine, Alfredo, er arving til garden, medan den andre, Olmo, er som til ei av dei som arbeider på garden. Dei to har god kontakt gjennom heile filmen, trass i at dei har heilt ulike levekår.

Med unntak av ein kort epilog handlar filmen om utviklinga i det italienske samfunnet frå århundreskiftet og fram til slutten av andre verdskrigen. Det er ein viktig periode, der fascistane kjem til makta, parallelt med at sosialismen òg får eit visst fotfeste. På sett og vis passar dette inn med nokre seriar me har sett det siste året, me såg den glimrande tyske serien Heimat, og har òg sett seriar som handlar om amerikansk historie, mellom anna Centennial. Likevel var dette lange timar. Det er altfor lite framgang i historia, som heller ikkje er godt nok fortalt til at ho engasjerer. Då hjelper det lite at filmen har solide skodespelarar i tre av dei viktigaste rollene - ein solid Robert de Niro, ein svært ung Gerard Depardieu, og ein svært usympatisk Donald Sutherland.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar