7. oktober 2017

Jørgen Norheim: Mars (1998)

Jørgen Norheim har gitt ut fem romarar; dette er den andre i rekkja. Nokre trekk dukkar opp i fleire av desse romanane. Det er mange referansar til verkelege historiske hendingar, og me kan godt møta verkelege historiske personar. Det er ofte folk som er attende på livet sitt. Arkivdokument kan spela ei viktig rolle. Den mystiske vaktmeisteren i Hansteens gate dukkar som regel opp. Og bøkene er alle skrivne i eit godt og klart språk.

Slik er det òg i Mars, men likevel fungerer det dårleg her. Handlinga er lagt til 2072, der det vert funne eit manuskript som fortel om mange hendingar frå 1900-talet. Forteljaren møtte mange store og mange små. Han skriv manuset sitt i ei hytte i Valdres, der han dels tenkjer tilbake, og der han dels har samtalar med ein lokal prest. Det heile sprikar altfor mykje, og det er tidvis vanskeleg eller uråd å sjå kvar kapitlet er på veg. Det går an å kalla boka eit kvileskjer i bibliografien til Norheim, men boka er knapt nok det.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Meir Norheim på kulturguffebloggen
Liten svein i bærskog ut (1994)
Ingen er så trygg i fare (2002)
Adjutanten (2008)
Aldri redd for mørkets makt (2016)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar