31. desember 2025

Anders Heger: Hva jeg lærte i epletønna (2016)

Eg lagar sjølvsagt ikkje noko eigentleg ynskeliste før jol, men eg passar på å få nemnt kva eg gjerne kunne finna innpakka. I år signaliserte eg uvanleg klart at boka Wanda stod høgt på lista, men for ein gongs skuld fungerte ikkje desse signala - eg fekk ikkje den boka. Eg måtte difor nøya meg med ei noko eldre bok av Heger.

Heger er forleggar i Cappelen Damm. Han har levd i litteraturen det meste av livet, og han har òg vore ivrig til å dela det han har funne der. Han har skrive biografiar om Torbjørn Egner og Agnar Mykle, og han har òg god kjennskap til mange andre forfattarskap. Han har i tillegg vore aktiv i norske PEN.

Alt dette er tydeleg i denne boka. Han skriv mykje, og her har han samla ei rekkje av eigne artiklar. Nokre er lengre tidsskriftartiklar, andre er skrivne for aviser. Det handlar litt om å vera forleggar, det handlar mest om forfattarar og bøker, og det handlar om PEN og ytringsfridom. Eg likte best artiklane om forfattarar/bøker, der han gjev oss ny innsikt i tekstane deira. Gjennom heile boka viser han seg som ein stor skribent, både når det gjeld skriving, men òg når det gjeld oppbygging av artiklane. Ei fin bok.

Guffen tilrår.

30. desember 2025

Train Dreams (2025)

Denne filmen er fin, sjølv om her kanskje ikkje er dei heilt store overraskingane. Det er ei fin, nostalgisk stemning over det heile, det er fine bilete, og det er finfint skodespel.

Det handlar om Robert Grainger. I opninga av filmen er han ein liten og foreldrelaus gut, som kjem til Bonners Ferry i Idaho. Han giftar seg med Gladys, og dei to byggjer eit hus langt inne i skogen, til seg sjølv og dottera. Han arbeider som tømmerhoggar, og er ofte lenge vekke frå familien. Heime er alt harmoni; på jobb opplever han mykje vondt - rasisme (mot andre), vald, ulukker. Det han likar best når han arbeider i skogen er å sitja ved bålet om kvelden og snakka med kollegaer som er langt eldre enn han sjølv. 

Grainger vert spela av Joel Edgerton. Han har stort sett eit alvorleg og litt trist ansiktsuttrykk gjennom heile filmen. Det gjer at me ventar at noko alvorleg skal skje, og det gjer det: Brått er familien hans borte. Grainger vert ikkje akkurat meir sosial etter det.

Guffen tilrår. 

29. desember 2025

Heinrich Böll: Katharina Blums tapte ære (1974)

På ein fest møter Katharina Blum ein mann ho tek med seg heim. Han vert der berre éi natt. Politiet er på sporet av han, av di han truleg er med i ein terrororganisasjon, og dei kallar Blum inn til avhøyr. Dei finn ikkje prov på at ho sympatiserer med den organisasjonen, og heller ikkje prov på at dei to faktisk kjende kvarandre før den natta. Det stoppar ikkje avisa Zeitung frå å skriva ei rekkje artiklar om henne. Dei finn heller ikkje prov på at ho har gjort noko gale, men fyller i staden artiklane med tynne påstandar og mange uavklarte spørsmål. Blum avtalar eit intervju med journalisten som har skrive dei fleste artiklane, og under det intervjuet tek ho livet av han.

Boka handlar altså om kor langt nokre aviser kan gå for å selja så mykje som råd. Eller - det er vel ingen grenser for kor langt dei kan gå. Dei intervjuar alle som kan ha hatt noko med Blum å gjera, og vrir og vender på svara deira. På det viset forsterkar dei det feilaktige inntrykket dei alt har skapt. 

Heinrich Böll vann nobelprisen i litteratur to år før denne boka kom ut. Boka er finfin, og det er jo alltid kjekt med romanar som kommenterer og kritiserer samfunnet rundt seg. Det einaste som trekkjer ned er språket, som er stivt og fullt av halvgode formuleringar, men det kan jo henda at det var meir elegant i den tyske originalteksten.

Guffen tilrår.

26. desember 2025

Dagfinn Hovden: Tindekliv på Sunnmøre (2012)

Rett etter århundreskiftet budde eg ni år i Volda. Det var gode år - eg hadde ein god jobb, Volda var passeleg stort, og hadde det ikkje vore for at me fekk to born kan det godt henda at me hadde budd der lenger. (Me var samde om at me ikkje ville ha born som snakka sunnmørsdialekt.) Noko av det eg likte best var den finfine naturen - mange ville og flotte fjelltoppar. 

Denne boka fortel om dei tidlegaste fjellklatrarane på Sunnmøre. Mange er lokale, nokre kom frå andre stadar i Noreg, andre igjen kom heilt frå England. Dei to best kjende av dei engelske var Slingsby og Patchell. I denne boka er det sitat frå tekstar dei har skrive, men det lengste sitatet frå andre bøker er frå boka New Climbs in Norway av E.C. Oppenheim. Saman med Gerald Arbuthnot var han lenge på Sunnmøre sommaren 1897, og han fortel om turar dei gjekk. 

Utdraget frå den boka er sjølvsagt omsett, og det med språket er noko av det friskaste med denne boka. Dagfinn Hovden (1924-2024) er hovudforfattar, og han skriv eit fantastisk rikt nynorsk. Boka er òg uvanleg godt illustrert, med åde nye og gamle foto. Så det er ei flott bok, som gjev meg lyst til å reisa tilbake og ta nokre fleire fjellturar i området. 

Boka er laga saman med Helge J. Standal og Stig J. Helset, som mellom anna har lagt inn kommentarar og merknader. Diverre har dei valt å gje dei ulike røystene i teksten ulike fontar - det vonar eg at dei ikkje gjer fleire gonger.

Guffen tilrår. 

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Ragnar Frislid: Gjende (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Gangdal og Holm: Everest. Den tunge veien (1995)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Michael Kodas: High Crimes (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)
Trango. Et ønske om å leve sterkt (2025)

22. desember 2025

Cameron Crowe: The Uncool (2025)

Cameron Crowe var tidleg ute. Han tok til på skulen eit år for tidleg, hoppa seinare over eit år, og målet hans (eller kanskje spesielt foreldra hans) var at han skulle tangera rekorden til bestefaren: Han var både den yngste og eldste som hadde vore advokat i staten Lousiana (trur eg det var). Slik gjekk det ikkje - Crowe kom aldri i gang med å studera jus. Interessa for musikk og skriving var større.

Han tok, på litt merkeleg vis, til å skriva for Rolling Stone alt som 16-åring, i 1973. Han skreiv gode artiklar og intervju, men det største talentet hans var truleg at han var ein mann det var lett å lika. Han fekk vera med store band på turné, han var fast gjest i den amerikanske heimen til David Bowie over lengre tid, og skreiv dermed rike artiklar om artistar andre journalistar ikkje fekk tilgang til. Jamført med andre journalistar i Rolling Stone var han òg meir open for nye rock-sjangrar. 

Han braut med Rolling Stone i andre halvdel av 1970-åra. Deretter skreiv han bøker og laga filmar, og han gjorde det like godt der: For den dels sjølvbiografiske filmen Almost Famous fekk han Oscar for beste manus.

I denne boka fortel han om livet sitt. Han legg mest vekt på tida som journalist, der han skriv om korleis han møtte dei største stjernene på den tida. Denne delen av boka er god og interessant, men det tapar seg litt når han skriv om arbeidet med film.

Guffen tilrår.

13. desember 2025

Lars Elling: Nei, dette husker vi (2025)

Boka vert presentert som ein roman, og då er det jo ein roman. Slik var det med Bikubesong; slik er det med denne. Men boka kan like gjerne lesast som ei novellesamling, der me møter dei same karakterane i ulike situasjonar, til ulike tider. Men det er eigentleg ikkje så viktig om ein plasserer boka i den eine eller andre sjangeren. Boka er uansett finfin.

Det handlar (stort sett) om Vemund, Henriksen, Myrvold, Bøe og Filip, fem jamgamle gutar/unge menn som veks opp ein stad på Austlandet. Dei finn på mykje rart og prøver mykje rart, men mest av alt prøver dei å finna ut kven dei er. Av og til er dei gutar, av og til er dei unge, av og til er dei vaksne. Dei veit nok kvar grensene går, men dei er ikkje alltid så oppteken av å ikkje kryssa dei. Som regel går det bra, nokre gonger går det gale. Verkeleg gale.

Ein av gutane heiter altså Filip, og det var òg namnet på hovudpersonen i Fyrstene av Finntjern. Også i denne boka er Filip ei kunstnarsjel, så det er fare for at han er basert på eigne opplevingar. Elling skriv godt, og han komponerer godt. Han porsjonerer ut informasjonen, og han ser ingen grunn til å fortelja meir enn det som trengst. 

Guffen tilrår.

Meir Elling på kulturguffebloggen
Fyrstene av Finntjern (2022)
Ved porten til stillhetens skog (2024)

8. desember 2025

Radiohead (Royal Arena, København, 5.12.2025)

I 1992 høyrde eg mykje på radio. Det året gav Radiohead ut den fyrste singelen sin, "Creep". Songen irriterte meg, mest av alt. Tre år seinare såg eg R.E.M. i Oslo Spektrum. Radiohead var oppvarmingsband, men sidan heller ikkje dei to eg gjekk saman med var imponerte over "Creep", droppa me like godt oppvarmingsbandet. Eit par år seinare kjøpte eg OK Computer, deretter The Bends, og det gjekk opp for meg at det var ei kjempeblemme å ikkje få dei med seg. Begge dei to nemnde platene er framleis mellom dei platene eg set aller høgast. Og mykje av det dei har gitt ut seinare er òg råbra. Eg har stundom tenkt på at av alle banda eg ikkje har sett, men som framleis eksisterer, er Radiohead det bandet eg helst vil sjå.

Så då dei tidlegare i haust gjorde det kjent at dei skulle ut på turné for fyrste gong på sju år, med fire konsertar i fem europeiske byar, var det berre éin ting å gjera. Eg hadde flaks og fekk billett til ein av konsertane i København, og til alt hell valde eg fredagskonserten. Konsertane måndag og tysdag vart utsette, men denne gjekk etter planen. Og det passa jo godt å sjå dei på ein fredag. Eller On A Friday, for dei som er dårlege på halvgode referansar.

Det var ein fabelaktig konsert. Dei er eit fantastisk band, utan veike punkt. På denne turneen er dei forsterka med ein ekstra trommeslagar, og det einaste som kanskje kunne vore endra på konserten var noko meir trykk frå trommene. Lyden var elles finfin.

Scena deira stod midt i ein svær idrettshall, med publikum på alle sider. Bortsett frå dei to trommeslagarane stod dei andre fritt til å flytta seg rundt på scena, slik at alle fekk sitt. Rundt scena hang det videoskjermar ned frå taket - tidleg i konserten var dei senka så langt ned at me berre skimta musikarane bak skjermane, men etter kvart vart dei heiste opp. På skjermane vart det vist nærbilete av dei på scena.

Det var altså fabelaktig. Dei spelte songar frå alle platene sine, med unntak av debuten. Det er stor variasjon i songane - nokre er raske og intense, andre er langt rolegare. Etter den energiske "Myxomatosis" gjekk dei rett over i den rolege "No Surprises", og jubelbrølet som møtte opningsnotane på den songane gløymer eg neppe. Ein liknande ulik kombo opna dei sju ekstranummera - "Let Down" og "Weird Fishes/Arpeggi". 

For ein flott konsert. Dei seier at dei ikkje har hatt det moro på denne turneen, men dei har samstundes ingen konkrete planar om å gjera noko saman når turneen er over. Men viss dei gjer det, er eg klar igjen.

Guffen tilrår. 

Meir Radiohead på kulturguffebloggen
Meeting People Is Easy (1998)
Dai Griffiths: OK Computer (2004)
John Aizlewood: Radiohead. Life In A Glasshouse (2022)

4. desember 2025

Nils R. Ringdal: Vossaminne (2011)

Nils R. Ringdal vaks opp på Voss. Han har budd det meste av livet i Oslo, og i denne boka har han samla minne frå oppveksten. Det er ikkje ein samanhengande historie; boka er sett saman av korte episodar og hendingar.

Det er ikkje noko dårleg grep, og det er ikkje det som gjer at boka ikkje er spesielt vellukka. Det er heller historiene i seg sjølv. Dei er ikkje gode eller spesielle nok. Språket er godt, men historiene byggjer seg opp mot eit høgdepunkt som svært sjeldan kjem: Mange av dei sluttar med eit avsnitt på éi setning, men her manglar altså det slåande og gode sluttpoenget. 

Boka er illustrert av Ivar Kvåle.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

3. desember 2025

Jo Bech-Karlsen: Bange anelser (1985)

I januar 1984 vart Arne Treholt arrestert, mistenkt for spionasje. Han hadde vore statssekretær, han hadde vore ambassaderåd i New York, og det siste året før han vart arrestert hadde han vore byråsjef i Utanriksdepartementet. Han vart arrestert på Fornebu, på veg til eit møte med ein KGB-agent i Wien. Sommaren 1985 vart han dømd til tjue års fengsel. 

Bech-Karlsen hadde dekt rettssaka for avisa Ny Tid. I denne boka skriv han om det han meiner er formelle feil og veike sider ved prosessen mot Treholt. Han skriv ikkje at han meiner at Treholt er uskuldig, men han meiner altså at alt ikkje var som det burde vera. Han er kritisk til rettsvesenet, men han er òg kritisk til media, som han meiner at kjøpte alt påtalemakta sa. Han meiner at det ikkje var nokon grunn til at rettssaka gjekk bak lukka dører. Han meiner at sjølv om mange av dokumenta han hadde med seg var hemmelegstempla, var dei slettes ikkje topphemmelege - dei var graderte langt nede på stigen. Han meiner at det er påfallande at alle dommarane og alle (?) i juryen sokna til den politiske høgresida, og at det såleis var fare for at juryen blanda partipolitikk inn i saka.

Det kan godt henda at han har nokre poeng. Men det kan òg henda at dei poenga ikkje var så viktige. Boka er lettlesen - det sprudlar aboslutt ikkje av språket hans, men han får poenga sine fram på ein grei måte.

Guffen er lunken. 

2. desember 2025

Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik (red.): Djup fjord og høg himmel (1991)

Anders Ohnstad var ein markant lokalhistorikar. Han var fødd i Aurland i 1911, og etter å ha teke hovudfag i historie fekk han seg jobb i skuleverket. Lengst tid var han ved Voss landsgymnas, der han var lektor frå 1953 til 1979. I denne perioden hadde han permisjon i fem år for å skriva lokalsoga for Aurland, og etter at han pensjonerte seg var det mest Aurland han skreiv om. Men han tok òg føre seg den lokale vossa-historia, og var mellom anna den som drog i gang årboka Gamalt frå Voss, som har kome ut årleg frå 1969.  

Denne boka kom som eit festskrift til åttiårsdagen hans. Jarle Bondevik har ein fin biografisk artikkel om Ohnstad og har òg laga ein bibliografi. Andreas Bjørkum skriv om målbruken til Ohnstad. Resten av boka er tjue av dei mange artiklane Ohnstad skreiv.

Nokre artiklar er henta frå større årbøker, andre er aviser eller blad. Det viser att; det ser nok ut til at han har lagt meir arbeid i artiklane han har skrive for bøker. Nokre av desse er dei beste i boka, som artikkelen om kvar Kong Sverre gjekk, eller artikkelen om slekta til Per Sivle. Andre artiklar vert meir på det jamne, og det er ikkje alle emna hans som er like interessante. Av og til bommar han heilt - artikkelen "Skjemten - eit våpen i livsstriden" skal visa den gode replikkunsten, men døma hans på slåande replikkar er ikkje mykje å skryta av.

Guffen er lunken. 

1. desember 2025

Håvard Rem: Hank (2012)

Eg har aldri vore på konsert med Turboneger. Der er nokre godkjende songar på den eine plata eg kjøpte med dei, Acopalypse Dudes, men det var likevel noko teikneserie-aktig over bandet. Men, til liks med alle andre i Noreg - det var vanskeleg å ikkje verta kjend med bandet. Dei visste å bruka media, som ofte skreiv om dei. Og det var vel det som var grunnen til at eg kjøpte denne boka nyleg. 

Boka skriv uventa lite om Turboneger. Det overraska meg, men det er eit godt grep. Det er vokalisten, Hans-Erik Syvik Husby, denne boka handlar om. Om Turboneger står det mest om usemje om pengar, og om kor vanskeleg det var for Husby å halda seg nykter på turneane. Eller - han prøvde vel ikkje så veldig hardt.

Husby levde eit hardt liv. Han vaks opp i ein god familie i Nordland, men alt vart snudd på hovudet då mora døydde av brystkreft - det skjedde like godt på seksårsdagen til Husby. Det vart altfor mykje flytting, det vart altfor mange stemødrer, og det vart etter kvart altfor mykje dop. Husby er ei av kjeldene til boka, og han snakkar fritt om alt det dumme han har gjort. 

Etter at han vert rusfri vert livet hans betre, men samstundes mindre eigna for ein biografi. Han vert skodespelar, han held framleis konsertar, og han vart ein varm støttespelar for scientologi-kyrkja. I denne bolken kjem det nokre lange sitat frå talar han heldt, og her burde nok nokon ha kutta det ned litt. 

Husby er altså ei av kjeldene, men Rem har òg snakka med mange andre. Av og til flettar han informasjonen inn i teksten, av og til får teksten form av intervju, av og til får andre føra ordet gjennom eit heilt kapittel. Det er eit godt grep.

Guffen tilrår.