2. desember 2025

Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik (red.): Djup fjord og høg himmel (1991)

Anders Ohnstad var ein markant lokalhistorikar. Han var fødd i Aurland i 1911, og etter å ha teke hovudfag i historie fekk han seg jobb i skuleverket. Lengst tid var han ved Voss landsgymnas, der han var lektor frå 1953 til 1979. I denne perioden hadde han permisjon i fem år for å skriva lokalsoga for Aurland, og etter at han pensjonerte seg var det mest Aurland han skreiv om. Men han tok òg føre seg den lokale vossa-historia, og var mellom anna den som drog i gang årboka Gamalt frå Voss, som har kome ut årleg frå 1969.  

Denne boka kom som eit festskrift til åttiårsdagen hans. Jarle Bondevik har ein fin biografisk artikkel om Ohnstad og har òg laga ein bibliografi. Andreas Bjørkum skriv om målbruken til Ohnstad. Resten av boka er tjue av dei mange artiklane Ohnstad skreiv.

Nokre artiklar er henta frå større årbøker, andre er aviser eller blad. Det viser att; det ser nok ut til at han har lagt meir arbeid i artiklane han har skrive for bøker. Nokre av desse er dei beste i boka, som artikkelen om kvar Kong Sverre gjekk, eller artikkelen om slekta til Per Sivle. Andre artiklar vert meir på det jamne, og det er ikkje alle emna hans som er like interessante. Av og til bommar han heilt - artikkelen "Skjemten - eit våpen i livsstriden" skal visa den gode replikkunsten, men døma hans på slåande replikkar er ikkje mykje å skryta av.

Guffen er lunken. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar