22. desember 2025

Cameron Crowe: The Uncool (2025)

Cameron Crowe var tidleg ute. Han tok til på skulen eit år for tidleg, hoppa seinare over eit år, og målet hans (eller kanskje spesielt foreldra hans) var at han skulle tangera rekorden til bestefaren: Han var både den yngste og eldste som hadde vore advokat i staten Lousiana (trur eg det var). Slik gjekk det ikkje - Crowe kom aldri i gang med å studera jus. Interessa for musikk og skriving var større.

Han tok, på litt merkeleg vis, til å skriva for Rolling Stone alt som 16-åring, i 1973. Han skreiv gode artiklar og intervju, men det største talentet hans var truleg at han var ein mann det var lett å lika. Han fekk vera med store band på turné, han var fast gjest i den amerikanske heimen til David Bowie over lengre tid, og skreiv dermed rike artiklar om artistar andre journalistar ikkje fekk tilgang til. Jamført med andre journalistar i Rolling Stone var han òg meir open for nye rock-sjangrar. 

Han braut med Rolling Stone i andre halvdel av 1970-åra. Deretter skreiv han bøker og laga filmar, og han gjorde det like godt der: For den dels sjølvbiografiske filmen Almost Famous fekk han Oscar for beste manus.

I denne boka fortel han om livet sitt. Han legg mest vekt på tida som journalist, der han skriv om korleis han møtte dei største stjernene på den tida. Denne delen av boka er god og interessant, men det tapar seg litt når han skriv om arbeidet med film.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar