9. november 2017

Olav Fjose: Bergfrid (1988)

Om sjølvbiografiar er ein rar sjanger, er kanskje biografiar skrivne av ektefellen til den biograferte endå rarare. Og ekstra rart vert det når ektefellen finn ut at han skal skriva boka frå den biograferte sin synsstad - boka er skriven i eg-form, der forteljaren er Bergfrid Fjose. Sånn sett er setninga "i denne tida møtte eg den store, store kjærleiken" litt rar.

Fjose var fødd i 1915. Ho vaks opp i Lofthus, der faren var folkehøgskulestyrar. Ho gjekk gymnaset på Voss, vart lærar på folkehøgskule i Valdres, flykta til Sverige under krigen, kom attende og busette seg der mannen var prest (tre ulike stader på Vestlandet), var rikspolitikar i åtte år, og slo seg som pensjonist ned på Voss, der mannen var frå.

Boka er òg litt rar, på den måten at ho aldri går spesielt djupt. Me får eit greitt bilete av Fjose, men fleire stader er det omtrent som ein ropar etter meir informasjon. Om lag halve boka handlar om tida Fjose var på tinget og i regjeringa, og der er det mykje som vert teke for gitt. Det burde til dømes stått klart kva parti dei mange politikarane som vert nemnde representerte - av og til står det, som oftast manglar det. Kanskje det var ålmennkunnskap då boka vart skrive, men det er det ikkje i dag. Det er altså ei informativ bok, men livet til Fjose fortener noko langt betre.

Guffen er lunken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar