23. november 2017

Foo Fighters. Back and Forth (2011)

Det er litt rart - eg har ikkje noko forhold til Foo Fighters, anna enn at Dave Grohl, leiaren i bandet, var med i Nirvana. Likevel har eg lese ein biografi (om Grohl), og no sett denne filmen. Musikken eg høyrde i filmen er meir FF-musikk enn eg har høyrt andre stader, til saman.

Og musikken er sånn meh. Nokre lovande takter her, nokre lovande takter der, men stort sett er det rock heilt sånn på det jamne, utan for store sprell og utan det store særpreget.

Filmen er hakket betre, sjølv om det gjerne kunne vore gjort meir ut av dette. Det er høgst tradisjonelt, der medlemmane vert intervjua om historia til bandet, i streng kronologisk rekkjefølgje. Den fyrste halvdelen av filmen vert me introdusert for musikantane, etter kvart som dei dukkar opp, og det verkar òg som om folk kjem og går, inn og ut av bandet. Måten den fyrste trommisen vart sparka på var hjelpelaus, og Grohl er ikkje spesielt høg i hatten når han fortel om det.

Det som bergar filmen er likevel Grohl. Eg har lese intervju der han vert omtalt som the nicest guy in rock, og han verkar bra sjarmerande og triveleg. Både han og dei andre fortel ope om både eitt og hitt, men det tek aldri heilt av. Ei av dei beste scenene i filmen kjem heilt på slutten, når Nirvana-bassist Krist Novoselic kjem inn i studio for å leggja bass på ein av songane. Når han opnar døra er det ingen som kjenner han igjen, og han står der undrande, usikker på om han skal gå igjen, før ein (truleg Grohl) ropar "Krist!", og alle skjønar brått kven det er.

Guffen er lunken.

Meir Nirvana på kulturguffebloggen
Kurt & Courtney (1998)
Paul Brannigan: This is a Call (2011)
Charles R. Cross: Here We Are Now. The Lasting Impact of Kurt Cobain (2014)
Cobain. Montage of Heck (2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar