21. november 2017

Olav Rusti: Norsk tale (1919)

Olav Rusti var fødd i Vanylven på Sunnmøre i 1850. Han budde lenge i Christiania og i Tyskland, men frå 1890-åra budde han i Bergen. Her kom han med i Vestmannalaget, og dette heftet ser ut til å vera eit foredrag han heldt på eitt av årsmøta deira.

Tittelen seier det meste: Det handlar om å utvikla og dyrka eit norsk talemål. Rusti er glad for at landsmålet har kome så langt som det har, men han meiner at det norske talemålet ikkje må gløymast. Det er eit mål som må dyrkast, som ein må trena seg opp i, og som det ikkje er altfor mange som er gode nok i.

Og det er eigentleg alt. Heftet er tynt, eg trur eg fann det på ein loppemarknad ein gong, men innhaldet er, imponerande nok, endå tynnare.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar