11. februar 2011

Dekalog (1998)

Eg flytta til Bergen for å studera hausten 1990. Eg såg omtrent ikkje fjernsyn dei fyrste åra der, eg hadde ikkje fjernsyn sjølv, og sakna det ikkje. På ein eller annan måte fekk eg tips om å sjå denne serien, så litt utpå kvelden, ein gong kvar veke, gjekk eg til eit kollektiv på Møhlenpris, der eg såg serien saman med Knut. Han såg ikkje alle episodane, men eg trur eg såg alle. Merkeleg nok kan eg ikkje hugsa at nokon av dei tre andre som budde der nokon gong såg dette saman med oss - eg reknar med at eg tek feil.

Serien er fabelaktig. Det er ingen eigentleg fjernsynsserie, det er ti nesten frittståande filmar, laga av den polske regissøren Kieslowski. Filmane tek utgangspunkt i dei ti boda. Dei heng saman, alle hovudpersonane held til i ei blokk i Warszawa, det er altså noko bikubesongsk over det. Personar frå ein episode kan godt dukka opp i andre episodar. Der er i tillegg éin gjennomgangsfigur, som er med i dei aller fleste episodane, ein ung mann som berre viser seg ved det dramatiske høgdepunktet i episoden. Han seier aldri eit ord, han berre observerer, og sidan serien handlar om dei ti boda er det nærliggjande å forstå denne mannen som noko guddommeleg.

Bortsett frå det er ikkje religion spesielt synleg. Det er stor filmkunst, der kvar film er ei novelle som krinsar rundt sentrale og viktige spørsmål. Spørsmåla personane strir med er slettes ikkje enkle. Kva gjer du viss du er gravid med elskaren din, og den sterile mannen din kanskje ikkje overlever sjukehusopphaldet sitt - tek du abort? Viss du finn ein brev frå far din, som han ikkje vil skal opnast etter at han er død - opnar du det likevel? Når du har brukt heile livet ditt på å seia at vitskapen har alle svara, og du nyttar denne vitskapen til å rekna ut at det er trygt å leika på isen - kva gjer du når son din går gjennom isen og druknar?

Det er noko novellistisk over det heile. Det er få personar i kvar episode, og me vert godt kjende med desse - fiilmane er fulle av nærbilete. Musikken er fin og avdempa, og det heile går i eit roleg og godt tempo. Me får god tid til å sjølve tenkja gjennom spørsmåla karakterane strir med.

Alle dei ti episodane er ikkje like gode, men fem-seks av dei er glimrande, og to-tre av dei andre er òg svært bra. Eg har brukt nokre veker på å sjå dei ti episodane, og eg er kanskje farga av at eg hugsar dei siste filmane best, men eg likte avslutningsfilmen best av alle. To brør som ikkje har hatt kontakt på nokre år møtest etter at far deira er død. Dei går inn i husveret hans, der det er fire-fem låsar på døra, der alle vindauga er spikra att, og der det er låsar på eit stort skåp i stova. Der viser det seg at den største frimerkesamlinga i Polen ligg, og når dei les notata til faren, får dei lyst til å få tak i det merket han brukte lengst tid på å leita etter, eit rosa merke som ville gjera ein austerriksk serie frå 1851 komplett. Dei får tilbod om dette, men må byta det med ei nyre frå den eldste broren. Han seier ja, men medan han vert operert bryt nokon seg inn og stel heile samlinga. Alt dei sit med er eitt frimerke og ei manglande nyre. Likevel sluttar det heile med at dei to ler godt - i farten trur eg det er einaste gongen det skjer i heile serien.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar