2. mai 2020

Bowling For Columbine (2002)

Det er ikkje den ferskaste Moore-filmen, dette, men han er likevel dagsaktuell. I går gjekk væpna demonstrantar inn i senatet i Michigan, i protest mot Corona-tiltaka i den staten. Det er sjølvsagt aldeles absurd at dei får gå væpna fritt inn og ut av senatet, og det vert ikkje mindre absurd av at presidenten støttar dei. Eg trur ikkje eg er åleine om å vera uroa av det som skjer i USA for tida.

Denne filmen er òg absurd, og eg er heller ikkje åleine om å verta uroa av det han handlar om. Utgangspunktet er ei av mange skuleskytingar. I Columbine i Colorado vart 13 personar drepne av to elevar ved skulen, som avslutta det heile med å ta liva sine. Moore prøver å finna ut kvifor ikkje fleire reagerer på dette, og kvifor ikkje lovverket vert stramma inn. Han snakkar med våpenseljarar, han snakkar med lokale militsgrupper, han snakkar med dei som overlevde Columbine, osb.

Mange av samtalane er det vondt å sjå på, spesielt dei der våpenglade personar insisterer på at dei har ein grunnovsfesta rett til å bera så mange våpen dei vil. Sluttscena, der Moore vitjar skodespelaren Charlton Heston, er sterk. Heston var president for National Rifle Assocation, som like godt hadde ein stor konferanse i Colorado nokre dagar etter Columbine, og som òg kom til Flint, Michigan, kort tid etter at ein seks år gamal gut skaut ein seks år gamal jente i ein barnehage. Heston vil ikkje sjå noko samanheng mellom NRA og all denne drepinga, og går til slutt frå intervjuet.

Moore gjev oss ikkje noko tydeleg svar på kvifor så mange fleire vert skotne og drepne i USA enn i andre land. Det nærmaste han kjem er at det er ein del av den amerikanske kulturen å skyta folk.

Guffen tilrår.

Meir Moore på kulturguffebloggen
Fahrenheit 9/11 (2004)
Capitalism. A Love Story (2009)
Where to Invade Next (2015)

26. april 2020

Hillary (2020)

Det er framleis relativt uforståeleg korleis USA kunne velja Donald Trump til president i 2016. Han var ikkje noko godt presidentemne, han var ufin, han var brautande, han var utan røynsle som politikar, han var blind for det meste som skjedde utanfor USA, og mangla eigentleg alt som ein president bør ha. Likevel vann han, og den mest opplagde forklaringa er diverre at altfor mange i USA ikkje ville ha ei kvinne som president.

Denne fjernsynsserien fortel om motstandaren hans, Hillary Rodham Clinton. Ho var så til dei grader kvalifisert. Som nyutdanna jurist var ho involvert i prosessen som førte fram mot det som hadde vorte riksrett mot Nixon i 1974, dersom han ikkje hadde gått av. Ho arbeidde som jurist i mange år. Ho var fyrstedame då ektemannen var president, og tok ei langt meir aktiv rolle enn andre fyrstedamer. Ho var senator frå New York. Ho var utanriksminister under Obama.

To historier vert fortalde parallelt. Livshistoria hennar vert fortald kronologisk, med klipp frå valkampen i 2016. Ho framstår som ekstremt kunnskapsrik, som ei som får noko gjort, og som ei som taklar vanskelege situasjonar på ein grei måte. Det er rett nok ein rimeleg autorisert versjon, mykje av serien er nye intervju med Hillary og ektemannen, men gjev nok likevel eit greitt bilete av kven ho er.

Guffen tilrår.

24. april 2020

Flannery O'Connor: The Complete Stories (1971)

Flannery O'Connor gav ut to novellesamlingar. Dei er med i denne boka, som i tillegg inneheld tolv andre noveller. Seks av dei er henta frå masteroppgåva hennar, The Geranium: A Collection of Short Stories. Fire er noveller som seinare vart ein del av romanane hennar, tre frå Wise Blood og ei frå The Violent Bear It Away. Ei novelle skulle etter planen vera med i den siste novellesamlinga hennar, men vart fjerna i ein av dei siste rundane. Den siste novella er eit kort utdrag frå ein roman O'Connor ikkje fekk ferdig før ho døydde. Det eg skriv her handlar om desse tolv novellene; dei to samlingane hennar har eg skrive om før.

Dei tolv novellene er høgst ulike i kvalitet. Dei seks frå masteroppgåva er ujamne, slik ein må rekna med. Ingen forfattar er utlært, og novellene viser ein forfattar som er på veg mot eit eller anna. Der finst lyspunkt, både i historier og enkeltsetningar, men ingen av dei seks novellene er meisterverk. Tittelnovella er den beste. Den handlar om ein eldre mann frå sørstatane som vitjar dottera i New York City, og som slettes ikkje skjønar korleis folk kan leva der. O'Connor skreiv seinare novella om, og ei betre utgåve av novella, "Judgement Day", avsluttar den siste novellesamliga hennar.

Dei fire utdraga frå romanane var alle publiserte som noveller i ulike publikasjonar. Dei tre frå Wise Blood tek aldri heilt av, men "You Can't Be Any Poorer Than Dead", som seinare vart opningskapitlet i The Violent Bear It Away, er glimrande. Novella står godt på eigne bein, og O'Connor er i toppform. Historia vert godt fortalt, og her er det ei perfekt blanding av humor og alvor.

At "The Partridge Festival" vart vraka frå Everything That Rises Must Converge syner at O'Connor hadde god teft. Novella går seg litt vill i seg sjølv. Utdraget frå den upubliserte romanen er for kort til å gjera noko inntrykk.

Så det er opp og ned. Det er likevel ei bok som absolutt er verdt å lesa, i alle fall for oss som set O'Connor høgt. Boka gjev eit godt innblikk i korleis ho utvikla seg som forfattar, og minner oss igjen på kor mykje stor litteratur me kunne fått glede av om ho hadde levd lenger.

Guffen tilrår.

Meir O'Connor på guffekulturbloggen
Wise Blood (1952)
A Good Man is Hard to Find (1955)
The Violent Bear It Away (1960)
Everything That Rises Must Converge (1965)
Mystery and Manners (1972)
Wise Blood (film, 1979)
The Habit of Being (1979)
Rosemary Magee (red.): Conversations with Flannery O'Connor (1987)
Brad Gooch: Flannery (biografi, 2009)
The Cartoons (2012)

22. april 2020

Allan Williams/William Marshall: The Man Who Gave The Beatles Away (1975)

Boka handlar om dei som vart superstjerner, og dei som nesten vart det. Williams legg det meste av sympatien hjå dei som slutta i The Beatles, anten av di dei ville det sjølv, eller av di dei fekk sparken. Og for Williams er det éin ting ved superstjernelivet som var viktig: Pengar. Kvar gong ein musikar forsvinn ut av gruppa snakkar Williams om alle millionane han gjekk glipp av.

Williams gjekk glipp av mange millionar sjølv, og det kan vera ein av grunnane til sympatien hans. Han var frå Liverpool, der han tente pengar på litt ymse vis. Han dreiv nattklubbar, med og utan nakne damer, han dreiv barar, og etter at The Beatles spelte der nokre gonger vart han manageren deira. Han hadde lita røynsle med slikt arbeid, men greidde å få dei til Hamburg. Fyrste gong dei spelte der var han til og med sjåfør, og køyrde dei heilt til Hamburg. Resten er historie, som det heiter. Då Williams døydde skreiv sjølvaste Mark Lewisohn "No Allan Williams, no Hamburg. No Hamburg, No Beatles". Under det andre Hamburg-opphaldet deira kom bandet på kant med Williams, dei var (sjølvsagt) usamde om pengar. Noko seinare vart Williams kontakta av Brian Epstein, som gjerne ville verta manageren deira. Williams svara at det måtte han ikkje finna på, men Epstein slo likevel til. Og resten er historie, som det heiter.

Williams var altså svært viktig for Beatles. Denne boka er nok ikkje like viktig. Eg har ei kjensle av at Williams ikkje er den mest truverdige kjelda, og han er òg litt for oppteken av å fortelja om dei gongene det var skikkeleg mykje banking og slosting. Han er ein god forteljar, så boka er underhaldande, men dei som vil vera sikker på at det dei les faktisk stemmer bør kanskje lesa noko anna.

Guffen tilrår.

Meir The Beatles på kulturguffebloggen
A Hard Day's Night (film, 1964)
John Lennon: In His Own Write (1964)
John Lennon: A Spaniard in the Works (1965)
Magical Mystery Tour (film, 1967)
Yellow Submarine (film, 1968)
Jann Wenner: Lennon Remembers (1970)
Let It Be (film, 1970)
Mark Shipper: Paperback Writer (1978)
The Rutles/All You need is Cash (film, 1978)
Brown og Gaines: The Love You Make (1983)
John Lennon: Skywriting by Word of Mouth (1986)
I
an MacDonald: Revolution in the Head (1994)
The Beatles Anthology (fjernsynsserie, 1995)
The Beatles: Anthology (2000)
Ringo Starr: Postcards from the Boys (2004)
Joshua M. Greene: Here Comes The Sun (biografi om George Harrison, 2006)
Howard Sounes: Fab. An intimate Life of Paul McCartney (2010)
George Harrison. Living in the material World (film, 2011)
Hunter Davies (red.): The John Lennon Letters (2012)
Good Ol' Freda (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del I (2013)
Mark Lewisohn: The Beatles. Tune In, del II (2013)
Tom Doyle: Man on the Run (2014)
Paul Du Noyer: Conversations with McCartney (2015)
Michael Seth Starr: Ringo. With a Little Help (2015)
The Beatles. Eight Days A Week (2016)
Sgt. Pepper's Musical Revolution (2017)
George Harrison: I Me Mine (2017)
Tony Barrell: The Beatles on the Roof
(2017)
The Beatles: Get Back (bok, 2021)
Paul McCartney: The Lyrics (2021)
The Beatles. Get Back (fjernsynsserie, 2021)
McCartney 3, 2, 1 (2021)
Kozinn og Sinclair: The McCartney Legacy, Volume 1 (2022)
Kenneth Womack: Living the Beatles Legend. The Untold Story of Mal Evans (2023)

21. april 2020

Lars Ove Seljestad: Ta hand om deg (2017)

For ei tid sidan bladde eg litt i Nynorsk litteraturhistorie, og vart endå ein gong mint på noko av det tyngste som står der. Når Jan Inge Sørbø skriv om dei siste tiåra skriv han mest om forfattarar som så vidt er i gang med forfattarskapane sine. Så kjem me brått til Jan Roar Leikvoll, som er den einaste i dette kapitlet som ikkje lever lenger. Kvar gong eg kjem til den sida tenkjer eg igjen på kor flotte bøker Leikvoll har skrive, og kor trist det er at det ikkje kjem fleire.

Lars Ove Seljestad kjende Leikvoll personleg, og store delar av denne romanen handlar om det venetapet. Dei møtte kvarandre på Skrivekunstakademiet i Bergen, fann tonen, og ein stad i boka vert Leikvoll omtala som den einaste forfattarvenen til Seljestad. Seljestad får svært godt fram kor viktig Leikvoll var for han, kor viktig det var å ha nokon som heile tida støtta ein, som heile tida las og kom med gode tilbakemeldingar på det ein skreiv, kor viktig det var å ha nokon som var der. Og han får veldig godt fram kor vondt det er når ein får melding om at ein nær ven er borte.

Det er ein roman, men Seljestad har opplagt henta inspirasjonen frå eige liv. Det er ein liten roman om eit stort emne, eller om to store emne: Seljestad skriv òg om korleis han som forfattar treng å ha harmoni og/eller faste rutinar for å kunna skriva.

Guffen tilrår.

19. april 2020

Simon Stranger: Leksikon om lys og mørke (2018)

Viss nokon ein gong skal kåra kven som var dei verste nordmennene under andre verdskrigen kjem Henry Rinnan garantert til å vera på topp tre. Han var fødd i Levanger i 1915. På skulen vart han aldri heilt akseptert av dei andre, han vart tvert imot gjort narr av, mest av di han var så kortvaksen. Han prøvde og prøvde på å hevda seg, men vart aldri god nok. Før krigen kom. Då vart han tysk agent, busett i Trondheim. Han infiltrerte heimefronten, han fekk sendt mange folk i fengsel eller i døden, og var med på torturering og dreping av mange. Etter krigen fekk han dødsdom, og han vart skoten i 1947.

Romanen handlar dels om livet til Rinnan, og dels om familien Stranger har gifta seg inn i. Han finn ut besteforeldra til kona hans etter krigen flytta inn i huset Rinnan-bandet hadde som hovudkvarter. For han er det i utgangspunktet uforståeleg, og det som gjer det endå meir uforståeleg er at familien var jødar. Korleis kunne jødar flytta inn i huset til ein av dei verste norske torturistane? Korleis kunne dei bu i huset der mange gode nordmenn vart torturerte og drepne?

Stranger drøftar desse spørsmåla på ein klok og fin måte. Romanen vekslar mellom ulike tider, det heile tek til når han og familien hans står ved ein snublestein i Oslo. Av og til er me tilbake i samtida, men me er oftare i tida rett etter krigen, då familien kjøpte huset, og oftast er me i tida Rinnan levde. Det er han som er den sentrale i romanen.

Guffen tilrår.

16. april 2020

Scandinavian Star (2020)

Eg kan seia mykje fint om denne serien, men eg kan òg seia mykje som er mindre fint. Serieskaparane har snakka med mange som var på båten, mange som var med i redningsarbeidet, mange som sat att på land og ikkje visste korleis det gjekk med dei dei kjende på båten, mange som var med i etterforskinga, og så vidare. Serien får veldig godt fram kor forferdeleg alt var, også for dei som var på land.

Serien får òg godt fram at alt ikkje var som det skulle vera. Båten var ikkje klar for å sigla. Mannskapet hadde ikkje hatt brannøvingar. Det kom fleire gonger nye brannar, også etter at brannmennene trudde alt var sløkt. Det var uklart kven som eigde båten, og kven som eigentleg hadde ansvaret for alt som gjekk gale. Nokre av dei som vert intervjua er glimrande, mellom anna ein svensk brannmann, og ein som miste kona si på brannen og som har vore engasjert i ulukka heile tida etterpå.

Der det sviktar i serien er i forsøka på å avsløra kven som stod bak. Det vert mykje hinting, det vert mange repetisjonar, men på det feltet vert ein ikkje klokare i det heile. Den siste episoden burde vore eit klimaks og eit høgdepunkt, i staden vart det berre eit fislete punktum for heile serien.

Guffen er lunken.