17. oktober 2020

Alice Munro: The Progress of Love (1986)

 

Eg har sagt det før, og kan godt seia det igjen: Novellene til Alice Munro er fabelaktige. Det er ikkje godt å referera dei, det er ikkje lett å seia akkurat kva som gjer dei så bra, men dei store leseopplevingane står i kø. 

Og opplevinga er gjerne lik frå novelle til novelle. Også i denne boka er hovudpersonen som regel ei kvinne, sånn rundt midten av livet, og ho er i ein situasjon der ho ser meir bakover enn framover. Den fyrste delen av novellene er gjerne litt stilleståande, men Munro har full kontroll på det ho gjer. Eit lite stykke ute i novellene skjer det eit eller anna, og eg anar ikkje kva, som gjer at alt eg har lese så langt brått gjev meir meining. Og resten av novella er glimrande. 

Men det er altså ikkje lett å referera handlinga, og den er som regel ikkje det viktige. I den siste novella er ei kvinne på besøk hjå faren (som ikkje lenger bur saman med mor til kvinna), og ho tenkjer tilbake på ein småflytur ho gav faren i gåve for mange år sidan. Gradvis går novella over til å handla mest om bestemor hennar, som òg var med på flyturen, og som om morgonen den dagen vart forstyrra av nokre hippiar då ho tok morgonbadet sitt. Men korkje flyturen eller badet er det viktige i den novella. Novellene til Munro gjev oss innsikt i kva det vil seia å vera menneske, og i denne boka handlar det ofte om korleis generasjonar pregar kvarandre.

Guffen tilrår. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar