22. juli 2020

Jon Gangdal og Arne O. Holm: Everest. Den tunge veien (1995)

Boka fortel om ein ekspedisjon til Mount Everest i 1994. Den gjekk ikkje heilt etter planen, og var ikkje heilt vellukka. Boka greier seg litt betre.

Slutten fyrst: Under arbeidet med å etablera leirar oppover fjellet vart fleire i ekspedisjonen tekne av eit snøras. Ein av dei miste livet, og etter nokre dagar vart dei attverande samde om å venda heim att.

Det er likevel ikkje berre det som gjer at ekspedisjonen ikkje kan reknast for mindre vellukka. Alt under planlegginga var det tydeleg at der var mykje misnøye, og ein av dei mest røynde klatrarane hoppa av alt før avreise. Undervegs mot base camp er det òg mykje misnøye, og det meste er retta mot leiaren for laget, Jon Gangdal. Kritikken han fekk ser i mange tilfelle ut til å vera fortent. Han har nok likevel lært mykje av dette sjølv, og har seinare vore på toppen av fem fjell over 8000 moh, og han var leiar på tre av desse ekspedisjonane.

Dei to forfattarane av boka vekslar på å skriva, og fortel ofte om det same. Holm er rammare i kritikken sin, og er òg den som skriv klart best av dei to. Gangdal vedgår ofte at han har gjort feil, men prøver av og til å glatta over den kritikken som måtte vera der. Denne vekslinga gjer at boka fengar, sjølv om den verkelege dramatikken samlar seg om dei sidene der raset vert omtala.

Guffen tilrår.

Meir om fjell på kulturguffebloggen
Alf B. Bryn: Tinder og banditter (1943)
Andreas Backer: Til fjells med Andreas Backer (1944)
Den norske himalayaekspedisjonen: Tirich Mir til topps (1950)
Tryggve B. Steen: Jo Gjende og hans samtid (1959)
Arvid Møller: Gjendine (1976)
Arvid Møller: Jotunkongen (1981)
Arvid Møller: Fjellfører i Jotunheimen (1982)
Vera Henriksen (red.): Spiterstulen gjennom 150 år (1986)
Joe Simpson: Touching the Void (1988)
Jon Krakauer: Eiger Dreams (1990)
Jon Gangdal: Til topps på Mount Everest (1996)
Jon Krakauer: Into thin Air (1997)
Per Roger Lauritzen: Claus Heiberg. Veiviser i krig og fred (1999)
Reinhold Messner: All 14 Eight-Thousanders (1999)
Conrad Anker og David Roberts: The Lost Explorer (1999)
Greg Child: Over the Edge (2002)
Per Roger Lauritzen og Johan Christian Frøstrup: Fjellpionerer (2007)
Eivind Eidslott og Jørn H. Moen: Besseggen (2008)
Lars Monsen og Trond Strømdahl: Norge på langs (2009)
Graham Bowley: No Way Down (2010)
Jarle Trå: Livet i fjella (2010)
Henrik Svensen: Bergtatt (2011)
Peter Zuckerman og Amanda Padoan: Buried in the Sky (2012)
Arne Larsen: Storen (2014)
Alex Honnold og David Roberts: Alone on the wall (2015)
Mark Horrell: Seven Steps from Snowdon to Everest (2015)
Sigri Sandberg: Frykt og jubel i Jotunheimen (2015)
Everest (2015)
Anne-Mette Vibe: Therese Bertheau. Tindestigerske og lærerinde (2016)
Jan Aasgaard: Jotunheimen gjennom historien (2016)
Free Solo
 (2018)
Sveinung Engeland: Høyde over havet (2021)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar