19. juli 2020

O.E. Rølvaag: Their Fathers' God (1931)

Den tredje og siste boka i utvandrartrilogien til Rølvaag. Den fyrste boka, Giants in the Earth, er eit storverk, medan oppfylgjaren, Peder Victorious, er meir midt på treet. Denne boka plasserer seg ein stad mellom dei to, og er langt meir vellukka enn Peder Victorious.

Det handlar framleis mest om Peder Holm. Han har gifta seg med ei irsk kvinne, Susie, og det er samlivet deira det handlar mest om. Her er det ikkje berre velstand, og det meste skuldast at dei er fostra opp i to ulike religionar. Peder er mest som ein ateist å rekna, med Susie greier ikkje å fri seg frå katolisismen familien hennar høyrer til i. Far hennar er enkjemann. Når han skadar seg og treng tilsyn i fleire månader, flyttar ho attende til han, saman med ein tilnærma nyfødd gut. Dette er ikkje lett for nokre av dei, og Peder opplever det som om det er religionen som er grunnen til at kona hans ikkje bur saman med han lenger. Peder reknar seg som amerikanar, og meiner at alle bør leggja seg av det meste av det dei hadde med til det nye landet.

Rølvaag får godt fram korleis dei nye amerikanarane hadde ein delt lojalitet, og korleis dei norske og dei irske såg på dei andre som framande. Samstundes er det heile tida uklart kva som skjer med forholdet til Susie og Peder. Ho har ein sterk far, han har ei sterk mor, og begge desse lever slik dei var lærte opp til. Susie kan òg støtta seg på den katolske presten i området, ein prest Peder mislikar sterkt.

Guffen tilrår.

Meir utvandring på kulturguffebloggen
L.A. Stenholt: Knute Nelson (1896)
Johan Bojer: Vår egen stamme (1924)
Ole E. Rølvaag: Giants in the Earth (1927)
Ole E. Rølvaag: Peder Victorious (1929)
Hjalmar R. Holand: The Kensington Stone (1932)
Hjalmar R. Holand: My First Eighty Years (1957)
Erik Wahlgren: The Kensington Stone, a Mystery Solved (1958)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Hundevakt (1961)
Hjalmar R. Holand: A Pre-Columbian Crusade to America (1962)
Gudrun Hovde Gvåle: O.E. Rølvaag. Nordmann og amerikanar (1962)
Alfred Hauge: Gå vest - (1963)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Landkjenning (1964)
Alfred Hauge: Cleng Peerson. Ankerfeste (1965)
Theodore C. Blegen: The Kensington Rune Stone (1968)
Utvandrarna (1971)
Nybyggarna (1972)
Einar Haugen: Norsk i Amerika (1975)
Anders Buraas: De reiste ut (1982)
Lars Chr. Sande (red.): De som dro ut (1986)
Gjerde & Qualey: Norwegians in Minnesota (2002)
Sverre Mørkhagen: Farvel Norge (2008)
Garrison Keillor: Life among the Lutherans (2009)
Gotaas og Kvarsvik: Ørkenen Sur (2010)
Sverre Mørkhagen: Drømmen om Amerika (2012)
Sverre Mørkhagen: Det norske Amerika (2014)
Odd S. Lovoll: Across the Deep Blue Sea (2015)
David M. Krueger: Myths of the Rune Stone (2015)
Odd S. Lovoll: Two Homelands (2018)
Odd S. Lovoll: Colonel Hans C. Heg and the Norwegian American Experience (2023)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar