27. juli 2020

Magnhild Haalke: Allis sønn (1935)

Av og til vert ein gløymd roman henta fram att, og hausa opp av alt og alle. For nokre år sidan fekk Stoner av John Williams denne handsaminga, og var eit godt døme på ei bok som ikkje levde opp til hypen. Denne boka kom ut i 1935. Eg hadde korkje høyrt om bok eller forfattar, men slo til etter at ho fekk svært gode meldingar.

Dei meldingane fortener boka. Det er ei svært sterk skildring av ein gut som ikkje er heilt vanleg, og av ei mor som ikkje veit korleis ho skal ta seg av han.

Alli er mor til Elling, som er seks år ved inngangen til boka. Faren er sjømann, og det går seks eller sju år mellom kvar gong han er heime. Alli og Elling bur på ei øy, hjå svigerforeldra hennar, og dei går ikkje overeins i det heile. Dei forstår ikkje kvifor ho ikkje er strengare med Elling, som ikkje passar inn i det heile. Han hjelper ikkje til med arbeidet, han går berre og rimar i hovudet sitt, han er ein smule bortskjemd, og han kastar gjerne stein på folk når han vert sint. Han tek til på skulen på fastlandet, og det går ikkje så bra der heller. Faren kjem heim, Alli vert gravid på ny, og etter at Elling vert storebror vert forholdet mellom han og mora endå dårlegare.

Både Alli og Elling er glimrande skildra. Alli vil berre at alle skal ha det godt, men greier ikkje å gjera nokon til lags. Elling er av og til ei kunstnarsjel i heilt feil miljø, andre gonger er han berre ein forvirra gut. Utover i boka vert det tydelegare og tydelegare at han ikkje er mentalt stabil, og det får katastrofale fylgjer. Ei finfin bok, som absolutt fortener merksemda ho får.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar