26. juli 2020

Halldis Moren Vesaas: Sven Moren og heimen hans (1951)

Det finst sjølvsagt både gode og dårlege grunnar til at ei dotter skal skriva om far sin. Ho kjenner han langt betre enn ein annan biograf vil gjera, og vil difor kunna presentera han langt betre enn andre. Samstundes kan det henda at ho vert for positiv og for lite kritisk.

Viss me skil mellom forfattaren og privatpersonen Sven Moren, er det stor skilnad på korleis dei vert omtala. Privatpersonen får (stort sett) mykje ros. Han driv ein av storgardane i Trysil, men tek omsyn til og hjelper dei mindre velståande bøndene i nabolaget. Familiemedlemmane har det bra, og han har ein stor venekrins som han har stor kontakt med. Det einaste han får kritikk for er måten han møter arbeidarrørsla og dei organiserte i 1920- og 30-åra.

Forfattaren får derimot ofte så hatten passar. Han kunne skriva godt, skriv dottera, men jamt over arbeidde han for lite med bøkene, og sende dei frå seg før dei vart gode nok.

Boka vart skriven gode ti år etter at Moren døydde. Det står om mange sider ved livet hans, om storbonden og forfattaren, men òg om ungdomslagsmannen, om folketalaren, om norskdomsmannen, og om lokalpatrioten. Boka er ikkje altfor omfangsrik, utan at det gjer noko: Det kunne godt vore skrive mange fleire slike bøker.

Guffen tilrår.

Meir Vesaas på kulturguffebloggen
Tarjei Vesaas: Menneskebonn (1923)
Tarjei Vesaas: Sendemann Huskuld (1924)
Tarjei Vesaas: Guds bustader - (1925)
Tarjei Vesaas: Grindegard (1925)
Tarjei Vesaas: Grinde-kveld (1926)
Tarjei Vesaas: Dei svarte hestane (1928)
Tarjei Vesaas: Klokka i haugen (1929)
Tarjei Vesaas: Fars reise (1930)
Tarjei Vesaas: Sigrid Stallbrokk (1931)
Tarjei Vesaas: Dei ukjende mennene (1932)
Tarjei Vesaas: Sandeltreet (1933)
Tarjei Vesaas: Ultimatum (1934)
Tarjei Vesaas: Det store spelet (1934)
Tarjei Vesaas: Kvinnor ropar heim (1935)
Tarjei Vesaas: Leiret og hjulet (1936)
Tarjei Vesaas: Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
Tarjei Vesaas: Kimen (1940)
Tarjei Vesaas: Huset i mørkret (1945)
Tarjei Vesaas: Bleikeplassen (1946)
Ragnvald Skrede: Tarjei Vesaas (1947)
Tarjei Vesaas: Morgonvinden (1947)
Tarjei Vesaas: Tårnet (1948)
Tarjei Vesaas: Signalet (1950)
Tarjei Vesaas: Vindane (1952)
Tarjei Vesaas: 21 år (1953)
Tarjei Vesaas: Avskil med treet (1953)
Tarjei Vesaas: Vårnatt (1954)
Tarjei Vesaas: Fuglane (1957)
Tarjei Vesaas: Ein vakker dag (1959)
Tarjei Vesaas: Brannen (1961)
Halldis Moren Vesaas: Sett og levd (1967)
Fuglane (film, 1968)
Kenneth Chapman: Hovedlinjer i Tarjei Vesaas' diktning (1969)
Halldis Moren Vesaas: I Midtbøs bakkar (1974)
Halldis Moren Vesaas: Båten om dagen (1976)
Olav Vesaas: Tarjei Vesaas om seg sjølv (1985)
Is-slottet (film, 1987)

Olav Vesaas: Rolf Jacobsen - en stifinner i hverdagen (1994)
Olav Vesaas: Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas (1995)
Ole Karlsen (red.): Klarøygd, med rolege drag (1996)
Over open avgrunn (film, 1997)
Olav Vesaas (red): Tarjei i tale (1997)
Olav Vesaas: A.O. Vinje. Ein tankens hærmann (2001)
Olav Vesaas: Å vera i livet. Ei bok om Halldis Moren Vesaas (2007)

Kimen (Det Norske Teatret, Oslo, 20.1.2018)
Fuglane (Riksteateret, Sogndal kulturhus, 21.3.2019)
Arne Vinje: Store spel. Soga om Vesås i verda (2020)
Fuglane (Det Norske Teatret, Oslo, 26.2.2022)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar