15. juli 2020

Blind Justice (1994)

Av og til ser eg ein westernfilm. Av og til fattar eg ikkje kvifor eg gjer det. Denne filmen har nokre originale vriar, men stort sett er det gjenbruk av gamle klisjear. Dessutan er det uråd å ta hovudpersonen på alvor.

Hovudpersonen er den beste revolvermannen i heile verda. Han råka alt han skyt på, og han skyt raskare enn alle andre. Han har rett nok eit alvorleg handikap, han er heilt blind, men reiser likevel gjennom det amerikanske westernfilm-landskapet lett som berre det. For å gjera det ekstra vanskeleg å tru på det som skjer har han med seg ein baby, som han har lova faren å levera i ein by ingen har høyrt om. Han kjem til ein liten by der nokre soldatar har barrikadert seg med eit tonn sylv, som nokre meksikanske bandittar gjerne vil ha. Det vert litt skyting, litt sprenging, og til slutt står hovudpersonen nesten åleine att, saman med ho eine kvinna som får seia noko i filmen. Han tek med seg babyen og rir vidare, kanskje på jakt etter noko nokon trudde kunne verta ein oppfølgjarfilm.

Her er altfor mykje overspeling, her er altfor mange bandittar som ler høgt og falskt kvar gong sjefen har sagt noko rart eller gjort noko ufint, her er altfor mange kulissar og kostymar me har sett hundre gonger før. Her er i det heile lite å gle seg over.

Guffen kan ikkje tilrå dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar