18. mars 2018

Utøya 22. juli (2018)

Det har kome mange bøker om terroren på Utøya (og i Oslo). Eg trur dette er den fyrste filmen, men mange fleire er på veg. Det er ein film som er vond å sjå på, men det er ein god film.

Filmen handlar om Kaja, som er på leir saman med syster si. Då terroristen kjem til Utøya er dei på kvar sin kant, og under skytinga er Kaja på leit etter systera. Ho gøymer seg i skogen saman med andre, ho leitar i teltet deira, ho sit nokre minutt saman med ei som er skoten, ho gøymer seg nede ved vasskanten, men tenkjer heile tida på kvar systera er.

Filmen er filma i eitt langt opptak, og alt som er av skyting skal vera så ekte som råd. Av og til høyrer me skota langt vekke, av og til er dei rett i nærleiken av der Kaja er. Av og til kjem dei tett, nokre gonger kjem det lange pausar. Det lange opptaket, det (så godt som) alltid springande kameraet - alt dette gjer at me kjem tett innpå ungdommane. Det gjer at me kan nærma oss ei forståing av korleis det var - me kan ikkje skjøna det, men biletet vert klarare.

At me omtrent ikkje ser terroristen er òg ei god løysing. Eg er redd for at dei andre filmane som kjem kan vera mindre kloke der.

Guffen tilrår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar